Finvêret og dei behagelege temperaturane frå helga som var vert denne veka bokstaveleg blåst bort av ein gammal tropisk orkan.

Fram til helga ser det ut til å bli ei svært våt veke på Vestlandet.

- Det blir ein del nedbør og vind generelt, seier meteorolog Arnstein Tjøstheim ved Værvarslinga på Vestlandet til yr.no.

Frå onsdag kjem ein gammal tropisk orkan innover og vil gje ein del nedbør fleire stader på Vestlandet.

- Restane av Ofelia kjem og vil gå over frå byger til regn, og kan gje sterk kuling, seier Tjøstheim.

Ifølgje meteorologen kan det komme snø frå 400-500 meter, særleg tysdag og første del av onsdag.

Langtidsvarselet ber heller ikkje med seg håp om godvêr i haustferien. Ifølgje prognosane er det duka for ei veke med nedbør og vind i neste veke også.