Har undersøkt botnen med videokamera

Det var om lag 80 som møtte opp i kyrkjelydshuset 9. april for å høyre Nordic Mining og Det Norske Veritas legge fram siste nytt frå straummålingane i fjorden. Det vart også vist ein film frå fjordbotnen i deponiområdet, som viste både kva materiale botnen er samansett av og kva som finst av dyreliv. Nordic Mining meiner at staumtilhøva i fjorden er svake og at videoen frå fjordbotnen viser at deponimassen vil ligge i ro. Tilhøyrarane var interessert i å få vite meir om kva som vil skje med dei 10 prosent finaste partiklane. Nordic Mining svara at det blir arbeidd med simuleringar, men at det førebels ikkje ser ut til å vere transport frå deponiet på 300 meter og oppover i vassøyla.

Det var om lag 80 som møtte opp i kyrkjelydshuset 9. april for å høyre Nordic Mining og Det Norske Veritas legge fram siste nytt frå straummålingane i fjorden. Det vart også vist ein film frå fjordbotnen i deponiområdet, som viste både kva materiale botnen er samansett av og kva som finst av dyreliv. Nordic Mining meiner at staumtilhøva i fjorden er svake og at videoen frå fjordbotnen viser at deponimassen vil ligge i ro. Tilhøyrarane var interessert i å få vite meir om kva som vil skje med dei 10 prosent finaste partiklane. Nordic Mining svara at det blir arbeidd med simuleringar, men at det førebels ikkje ser ut til å vere transport frå deponiet på 300 meter og oppover i vassøyla. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Ein video frå fjordbotnen og nye tal frå straummålingar i fjorden, var hovudtema på Nordic Mining sitt informasjonsmøte onsdag 9. april.

DEL

Det var om lag 80 som møtte fram for å høyre på Nordic Mining og Det Norske Veritas i det nye kyrkjelydshuset i Naustdal på onsdag. Nordic Mining hadde ny informasjon og tilhøyrarane hadde fleire spørsmål.

Video frå fjordbotnen

I tillegg til straummålingane har Det Norske Veritas køyrt med undervasskamera for å filme botnen. Filmen viste at materiale på botnen er fint mudder, når kamera kjem borti mudderet blir det virvla opp, men det legger seg ned att ganske raskt. Også på fjellhyllene ligg materialet i ro.

– Hadde straumen vore sterk, ville dette ikkje lagt i ro, botnen ville vore hard og steinete, men her er det mudderbotn, seier Ivar S. Fossum, administrerande direktør i Nordic Mining.

Les også: 600 000 tonn i fri flyt

På filmen kunne vi sjå lange, torsk, hågjel, brosme, spisskate, sjøpølse, mudderbotnsjørose, ål og sjøkreps.

– Det er typisk mudderbotn, med ein gravande fauna, normal aktivitet og sunne forhold, seier Tormod Glette, marinbiolog i Veritas.

Videoane som er tatt opp i fem tverrsnitt av fjorden, skal no undersøkjast meir nøye for å kategorisere dyreliv og havbotntype.

– Svak straum

Sintef skal lage modellar for korleis deponiet vil oppføre seg. Desse skal baserast på straummålingane som Veritas utfører i Førdefjorden no. Arbeidet med modellen er i gang og han skal vere ferdig i august.

– Det er førebels ingenting som tyder på at partiklane vil bli transportert oppover i vassøyla, seier leiar for utforsking i Nordic Mining, Mona Schanche, på eit informasjonsmøte i Naustdal onsdag 9. april.

Firda spurde om å få sjå dei førebelse resultata for korleis partiklane flyttar seg, men Schanche vil ikkje publisere desse før alle målingane er samla inn i august.

Svak eller sterk straum?

Mange av tilhøyrarane ville vite meir om maksfarten til straumane i fjorden. Schanche forsikra at alle målingane går inn i modellane. Modellar som Havforskingsinstituttet har, viser likevel at gjennomsnittsfarten på fem centimeter i sekundet er nok til å transportere fine partiklar over store avstandar.

Vatn frå Skorva eller Svardal

Tidlegare var det planlagt å bruke Redalsvassdraget som kjelde til dei 500 kubikkmeterane med vatn i timen, som gruva må ha disposisjon. Vassdraget er no funne i minste laget og naturøydeleggingane er vurdert for store. Det skal difor utgreiast ulike måtar å føre vatn frå anten Skorvavassdraget eller Svardalsvassdraget.

I Skorva kan det bli aktuelt å kjøpe ut kraftverket, i tilfelle ein må hente vatn ovanfor kraftverket.

– Det er eitt av alternativa vi ser på, seier Fossum.

Vassforsyninga skal konsekvensutgreiast etter eit eventuelt klarsignal om gruvedrift.

Alternativ bruk av gruveavfall

Fossum presenterte ulike måtar gruveavfallet kan brukast på, og er styrka i trua på at det er mogleg å selje delar av avfallet. Fossum meiner at behovet for masse er stor til fleire bruksområde, men at problemet er transport.

– Vi veit at det no blir forska på nye transportløysingar, dette synest vi er spanande, seier Fossum.

Mellom anna trur Nordic Mining at gruveavfallet kan brukast til å dekke over forureina havbotn, til å lage demningar og dike, og til å produsere kunstige rev for fisk.

Fossum meiner at om lag ti prosent kan seljast, medan 9 prosent tilbakefylling i dagbrotet og 20 prosent i gruva, er fysisk mogleg.

Tilhøyrarane spurde om korleis massen skal seljast om han ligg på botnen av Førdefjorden.

Lukka gruve med ein gong

Ole Erik Thingnes spurde om Engjabødalen er vurdert som landdeponi i eit alternativ der det blir gruve med ein gong. Engjabødalen er for liten med dagens planar om ope dagbrot i startfasen.

– Skilnaden i mengde masse er så liten for dagbrot og gruve at dalen uansett blir for liten, seier Fossum.

Han vil uansett råde mot å etablere eit landdeponi fordi det vil vere store landskapsinngrep der området blir svært vanskeleg å bruke til andre ting seinare. Han peikar også på faren for at demningane til slike deponi kan kollapse og vil bli ein evigvarande risiko for innbyggarane.

– Sjølv om landdeponi hadde vore gratis, ville det vere vanskeleg å anbefale med det landskapet som ligg rundt denne førekomsten, seier Fossum.

Artikkeltags