Gå til sidens hovedinnhold

– Har sett heile folke- aksjonen i eit underleg lys

Artikkelen er over 11 år gammel

Professor Aarebrot med sterk kritikk mot sjukehusaksjonistar. DEBATT: Er du samd i kritikken?

– Ein folkeaksjon som ikkje vil gi folk innsyn i kva dei driv med, blir ein absurditet. Dette luktar slarv.

Det seier professor i samanliknande politikk, Frank Aarebrot, om Lærdals-aksjonistane sitt krav om å få bere fram sin informasjon og argumentasjon for stortingsbenken utan å ha pressa til stades.

- Underleg lys
– Slikt luktar slarv, og aksjonsleiaren veit det openbert, sidan ho handlar som ho gjer, seier Aarebrot.

  • Kva synest du? Sei di meining i kommentarfeltet under artikkelen.

Han har forståing for at stortingsbenken kan føle seg i eit dilemma, der dei risikerer kritikk anten dørene blir opne eller stengde.

– Derimot er det grunn til å spørje kor representativ ein folkeaksjon er, som ikkje torer å la folket sitt bli informert. Eg tykkjer aksjonsleiaren her har bidrege til å setje heile folkeaksjonen i eit underleg lys, seier professoren.

Frykta bandlegging
Leiaren for Lærdals-delegasjonen, Bente Øien Hauge, grunngav i onsdagens Firda ønsket om lukka møte med at aksjonistane ville kome til å leggje band på seg, dersom pressa var til stades, og at det handla om opplysningar som ikkje var klarerte med personane det galdt.

Dette gjer det endå verre, meiner Aarebrot:

– Det er det same som å seie at eg eigentleg er komen for å trampe på andre menneske sitt personvern, seier han.

- Usmakeleg
Også Helse Førdes styreleiar Clara Øberg reagerer:

– Eg tykkjer kravet om lukka dører var usmakeleg, sidan Bente Øien Hauge tidlegare har gått i brodden for at alt skal vere ope, seier ho.

Styremedlem Harry Mowatt har denne kommentaren:

– Dersom aksjonsleiar Bente Øien Hauge skulle bere fram personsensitiv informasjon, må det vere personopplysningar som har kome på avvegar og som ho ikkje skulle ha. I så fall er det litt spesielt om stortingsbenken let seg informere om slikt bak lukka dører, seier Mowatt.