Har med høner og hest på ferie

Både hesten La Niña, hunden Paco og alle hønene får vere med Ingebjørg (t.v) og Jorunn Helene Nistad på ferie.

Både hesten La Niña, hunden Paco og alle hønene får vere med Ingebjørg (t.v) og Jorunn Helene Nistad på ferie. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

­Når Jorunn og Ingebjørg Nistad skal på ferie, pakkar dei også med seg ni høner, ein hest og ein hund.

– Klart dei må vere med, seier kvinnene.

For Jorunn og Ingebjørg Nistad frå Bergen er det utenkeleg å reise på ferie utan å ta med seg hønene og kjæledyra sine.

– Dei er vande med å vere rundt oss, seier Jorunn, og lokkar til seg ein flokk med tamme høner som går fritt ikring ved hytta i Djupedalen i Gaular i Sunnfjord.

Frittgåande

– Dette er sjette året at vi tek med oss hønene, seier Jorunn, medan hønene trippar rundt for å få seg ein godbit frå «hønemor».

– Men hesten har vi hatt med oss på ferie sidan 2006, skyt dottera Ingebjørg inn. Og det var etter at dei bygde eit hus til hesten for seks år sidan, at dei byrja å ta med seg hønene.

– Dei kan ikkje vere åleine heime når vi skal vere her i fjorten dagar. Vi let ikkje dei gå åleine innestengde i ei innhenging, seier Jorunn, som ikkje har noko til overs for dei som reiser ifrå dyra sine på sommaren.

– Det er heilt grufullt. Det høyrer ikkje heime nokon plass, seier Jorunn, som ikkje synest det er noko problem å ta med seg kjæledyra på ferie.

–Nei, det er ikkje noko styr når vi har så god bil. Hønene går inn i to pappkasser, og dei set vi inn i hestebilen, seier Jorunn, som synest hønene hennar ikkje ser ut til å ha noko i mot å køyre bil.

– Dei finn seg fort til rette, seier ho.

Men dessverre er ikkje alle dyreeigarar som er like omsorgsfulle som Jorunn og Ingebjørg.

Dumpar dyr

– Kvar einaste sommar slit vi med det same; vi finn kattungar overalt i heile fylket. Desse er åleine, og dumpa av eigarar som reiser på ferie, seier Bettina Astor, leiar for Dyrebeskyttelsen i Sogn og Fjordane.

– Vi får også mange spørsmål om vi kan omplassere dyr, som dei ikkje kan ta hand om sjølv fordi dei skal reise vekk, seier Astor.

–Men det største problemet er alle kattungane som kjem inn på denne tida, og som vi knapt veit kvar vi skal gjere av.

Treng forventar

Auken i feriedumpa kjæledyr når det er ferie, sprenger kapasiteten til dyrevernet.

– Vi har stort behov for forvertfamiliar. Dette er familiar som tek imot dyra og passar dei som sine eigne medan dei er i omplasseringsprosessen fram til dei får ny heim. I denne perioden betaler vi mat og medisinsk behandling, seier Astor, og legg til at det berre er å ringe Dyrebeskyttelsen om ein kan hjelpe med dette.

Ho blir veldig glad over å høyre korleis Jorunn og Ingebjørg tek med seg dyra sine på ferie.

– Tenk om alle hadde gjort det slik!, seier Astor, og oppmodar om å ta med katten på tur om ein ikkje finn plass på dyrepensjonat eller får nokon til å stelle den for seg i ferien.

–I over 95 prosent av sakene finn vi ikkje eigaren av kattar som vert funne utan chip, seier Astor og legg til at det også er viktig å kastrere kattane.

Artikkeltags