Har lokka britisk friluftslivmagasin

Dagleg leiar i Sunnfjord Geo AS, Synne Lindgren, er stolt over innsatsen til Ray Dalton i Butesail.

Dagleg leiar i Sunnfjord Geo AS, Synne Lindgren, er stolt over innsatsen til Ray Dalton i Butesail. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

Trail Magazine kjem til Sunnfjord for å segle og gå på fjelltoppar.

DEL

Måndag kjem ein journalist og ein fotograf frå det britiske friluftsmagasinet Trail Magazine til Stongfjorden. Der skal Ray Dalton i Butesail segle dei til fem fjelltoppar som dei skal ta seg opp på i løpet av ei veke.

Trail Magazine er retta spesielt mot gåturar og er det største innanfor sitt felt i Storbritannia. Dei distribuerer ut mot heile verda.

Sail Trail
Det heile starta då Ray Dalton flytta frå England til Stongfjorden i 2005 saman med det som i dag er ektefellen hans, Charlotte May Rintler. Med seg tok han firmaet Butesail der han driv med segle- og navigasjonskurs. Førebels har dei fleste av kundane vore dei han har hatt frå tida i Skottland,og for å lokke nye folk måtte Dalton tenkje nytt.

– Eg tenkte det kunne vore ein god idé å slå saman seglinga med fjellturar. Sail trail kallar eg det nye tilbodet. Der kan dei få prøve seg på å segle på veg til dei ulike fjelltoppane. På 5-dagars tur får dei overnatting og mat på yachten, fortel Dalton.

Trail Magazine får vere med på første runde, og dei skal opp på desse fjelltoppane: Batalden, Hornelen, Alden, Lihesten og Blegja.

Måtte kjempe
Dalton fortel at det ikkje var fullt så enkelt å få magasinet til Stongfjorden, men han fekk overtalt dei på London Boat Show i januar, der han stilte som einaste representant for Norge.

– Visit Norway kjempa hardt for å få magasinet til Lofoten, men Trail Magazine valde likevel å komme til Stongfjorden, seier seglaren, som har drive med kurs sidan 1995.

– Stor betydning
Han har tidlegare blitt omtalt i det britiske magasinet "Sailors Today", og veit at dette er god reklame, ikkje berre for bedrifta hans, men også for andre rundt. Dalton samarbeidar tett med Sunnfjord Geo AS, og dagleg leiar Synne Lindgren trur dette vil ha stor betydning for heile Sunnfjord.

– Dei kjem jo ikkje berre til å skrive konkret om turane, men også fortelje om område rundt, litt historie og serveringsstader dei er innom. Dette er ikkje berre god reklame for kommunen, men for heile Sunnfjord, seier Lindgren.

Både ho og Dalton er svært glad for at Askvoll kommune valde å støtte Butesail då dei reiste til London Boat Show, og Lindgren meiner absolutt at kommunen vil få att for det.

– Når dei er her så kjøper dei ting, det er ein god måte å få inn pengar, seier dei.

Segling som turistnæring
Dalton har tru på at segling kan bli ei stor turistnæring i Norge over tid. Før han begynte med segling som turistnæring i Skottland var sporten så å seie ikkje-eksisterande i landet.

– No er det ein av dei største formane for turistnæring der, fortel han.

Seglaren håpar no at han skal få til noko av det same i Norge. Han har fått nokre bestillingar til sommaren allereie, og håpar at ein reportasje i Trail Magazine vil bidra til fleire.

Artikkeltags