Har krav på å byte

Artikkelen er over 14 år gammel

– Forlaget pliktar å byte bøker med elevane, dersom nynorskutgåva kjem etter skulestart, opplyser dagleg leiar Gro Morken Eriksen i Noregs Mållag.

DEL

Elevane som må starte skuleåret med bokmålsutgåva av skulebøkene, kan altså få byte bøkene med det same den nynorske utgåva er klar.

Press

– Eg vil oppmode alle elevane til å nytte seg av denne retten. Det er ein måte å presse forlagsbransjen til å ta retten på nynorskbøker alvorleg, seier Morken Eriksen.

Ikkje svarteliste

Ho fortel at forlaga har blitt mykje flinkare til å komme med nye skulebøker på begge målformer dei siste åra.

– I år er faktisk det første året vi ikkje har laga «svarteliste» av alle titlane som ikkje ligg klare på nynorsk. Eg trudde ærleg tala at vi var ferdig med problemet, men det er vi altså ikkje, seier Morken Eriksen.

Viktig

Morken Eriksen meiner det bør vere like sjølvsagt for elevane å velje nynorsk som bokmål:

– I dei få situasjonane i samfunnet der ein faktisk har krav på å lese på sitt eige mål, så burde forlaga i alle fall sørgje for at vi får det. Eg meiner dette er viktig, fordi mange ungdommar skiftar frå nynorsk til bokmål, og eg ser ingen annan logisk forklaring enn at svært mykje litteratur berre finst på bokmål.

Artikkeltags