Har kåra fylkets beste mat

 Årets produkt blei Brun Undredal, tradisjonsrik «brimost frå Sogn»

Årets produkt blei Brun Undredal, tradisjonsrik «brimost frå Sogn» Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

Tre produkt skal knive om å bli landets beste

DEL

Dei beste matprodukta i fylket vårt er no blitt kåra. Dette skjedde i samband med Bondens Marked i Førde laurdag 18. september. Her blei også produkt frå Hordaland kåra.

Fylkets beste

  • Årets produkt blei Brun Undredal, tradisjonsrik «brimost frå Sogn»
  • Årets råvare sjø blei einerrøkt laks frå Lærdalsmat Sognefjord Gourmet, Lærdal.
  • Årets råvare land blei viltmør av hjort frå Fjordameny, Gloppen.

Heiderleg omtale

Vinnaren stakk av med 2.500 kroner og ei innhaldsrik marknadspakke som kan bli brukt til å reklamere for vinnarproduktet.

Heiderleg omtale fekk Snorre Seafood sin lysingfilet og Kvit Undredal frå Undredal Stølsysteri. Dette melder stiftinga Norsk Matkultur.

Ein jury på seks bedømte smak, konsistens og utsjånad på dei nominerte produkta i dei tre kategoriane.

Smaken avgjerande

Og sjølvsagt er smaken det avgjerande i konkurransen Det Norske Måltid, og det var altså her brimosten frå Undredal gjekk heilt til topps.

25. november blir det nasjonal finale i Stavanger der tre kandidatar frå fylket vårt skal konkurrere mot andre matprodukt frå heile landet.

– Eit av måla med konkurransen er å vise at det finst eit mangfald av utmerkte, lokale produkt i kvart einaste fylke i Norges land. Det gjelder i høgste grad også Hordaland og Sogn og Fjordane, der så vel tradisjon som innovasjon er representert blant vinnarane, heiter det i pressemeldinga.

Artikkeltags