Er gatelyset ute? Er det hol i vegen? Dårleg brøyting eller andre trafikkforhold som bør gjerast noko med?

Førde kommune legg no opp til ei enklare varsling for innbyggjarane som igjen skal kunne vente seg raskare respons frå teknisk etat.

På kommunens heimesida er oppretta ei lenkje til eit elektronisk skjema kalla FiksGataMi der publikum kan melde frå om ting som ikkje er i stand.

Raskare repons

- Eg håpar folk vil bruke denne tenesta, seier leiar for teknisk drift, Bernhard Øberg og ventar spent på responsen.

Servicekontoret vil framleis kunne ta imot meldingar, men lenkja "FiksGataMi" går direkte inn til tekniske drift, sløyfer eit ledd og skal såleis fungere som ei rask og effektiv meldeteneste.

- Vi ser til dømes at asfalten ikkje er all verda rundt om i Førde, så vi håpar på raskare respons. Men bruken vil vise om det er behov for dette, og vi reknar vel ut januar som ein prøveperiode, seier Øberg.

Fallhøgd

Han ser at dei lagar seg ei fallhøgd med forventningane eit slikt opplegg skapar.

- Dette krev at vi følgjer opp, elles vil det berre skape frustrasjonar, seier Øberg som håpar dei skal greie å handtere meldingane som kjem inn.

Blir tilbodet eit talerøyr for useriøse meldingar, vil det kunne bli stengt ned att.

Påminning

Tabellar vil vise når jobben er utført, at den som melder inn har fått svar og om restansar oppstår, samtidig som det kjem påminning om meldingar som ikkje har blitt følgde opp, fortel Øberg.

- Kjem det melding om større manglar, må vi ta det med oss både i budsjett og økonomiplan, og då kan det vere både eittårige og fireårige tiltak.

Får vi mange uromeldingar frå eitt område, vil det vere naturleg å sjå nærmare på det, og kanskje opprette ei budsjettsak. Det kan vere grenser for kor mykje vi kan lappe på vegdekke og gatelys, seier Bernhard Øberg.