Gå til sidens hovedinnhold

Har du ein lastebil til låns?

Artikkelen er over 12 år gammel

Dersom du eig ein eldre lastebil med lasteplan, har du ein unik sjanse til å få køyre fremst i paraden til Førdefestivalen.

Førdefestivalen treng nemleg ein slik eldre lastebil. Alt takka vere ein innovativ plakatdesignar frå Polen.

– Vi gav han meir eller mindre frie hender, og sa slett ikkje noko om at det skulle vere ein lastebil på plakaten. Men då vi såg resultatet, tykte vi i grunn det var litt kult, seier marknads- og informasjonssjef for Førdefestivalen, Torill Gundersen Faleide.

Førdefestivalen har dei tre siste åra brukt den polske designaren Piotr Pucylo til å designe festivalplakat, og polakken skal også halde utstilling i Førde under festivalen.

Gjerne med sjåfør

Nøyaktig kva merke den gule lastebilen på plakaten er, er det ingen som veit. Men Gundersen Faleide håpar det finst ein lastebil i fylket som liknar.

– Vi må ha ein bil som er køyrbar, og då gjerne med sjåfør sidan slike eldre doningar ofte ikkje bør køyrast av kven som helst, seier Gundersen Faleide, som understrekar at eigar og sjåfør skal få kompensasjon for bryet.

Men Førdefestivalen må få lov til å dekorere bilen i det tidsrommet festivalen går føre seg.

Kryssar fingrane

– Vi må få lov å dekorere han, til dømes foliere han gul og liknande. Men vi skal sjølvsagt ikkje øydeleggje bilen. Alt skal kunne fjernast når festivalen er over, lovar ho.

Men det viktigaste er å få bilen på plass, og det tek til å haste.

– Tida går fort, og vi har ikkje så altfor mykje tid å kaste vekk. Eg kryssar fingrane for at vi får napp ein stad, seier ho.