Håpar på ny lov og eige utsal

Åge Eitungjerde driv Ciderkjellaren og frukthagen ved Ciderhuset i Balestrand. Han er også gründeren bak Balholm AS.

Åge Eitungjerde driv Ciderkjellaren og frukthagen ved Ciderhuset i Balestrand. Han er også gründeren bak Balholm AS. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Åge Eitungjerde ved Ciderhuset i Balestrand håpar på ei lovendring som let han selje sine eigne produkt. No gjev ekspertane dette håpet medvind.

DEL

Ei ekspertgruppe i Europarett har konkludert: Sal av sider, fruktvin og mjød med over 4,7% alkohol direkte frå gardsutsal er ikkje i strid med EØS.

Denne konklusjonen slår beina under det som kanskje har vore det største hinderet for å tillate direktesal frå nisjeprodusentar eller gardsutsal, nemleg omsynet til det norske alkoholmonopolet, skriv Aftenposten. Dermed opnar det for ein ny diskusjon om endring i alkohollova.

– Dette er gledeleg nytt, men det er rart at dei først oppdagar det no. Ordninga det er snakk om fungerer allereie godt i EU-landet Finland, seier Åge Eitungjerde ved Ciderhuset i Balestrand.

Europarettsleg vurdering

I juni bestilte Helse- og omsorgsdepartementet ei utgreiing om sal av alkoholhaldige drikkevarer med over 4,7 prosent alkohol direkte frå nisjeprodusentar.

Ekspertgruppa som har greia ut saka har funne eit smutthol. Gjæra drikkevarer som sider, vin laga av andre ting enn druer og mjød er ikkje omfatta av EØS-avtala og kan truleg seljast utanfor Vinmonopolet utan å komme i konflikt med EØS.

– For alkoholhaldige drikkevarer som ikkje er omfatta av EØS-avtala, kan norsk lovgjevar etter vårt syn fritt innføre utvida tilgang til nisjesal også over 4,7 prosent alkohol. Det omfattar i praksis særleg eplebøndene sin produksjon av sider (men ikkje eplebrennevin), samt alle andre gjæra produkt basert på frukt eller anna (unnateke vin laga på druer). Det omfattar også mjød, er konklusjonen frå professorane Finn Arnesen og Fredrik Sejersted på Senter for Europarett.

Større EØS-rettslege utfordringar er det, derimot, ved sal av vin av druer, øl og brennevin.

Heilskap og omdømme

For verksemder som Ciderhuset byr den noverande lovgjevinga på pinlege møte med turistar.

– Det er pinleg å måtte forklare den norske lovgjevinga. Turistane vert irriterte og sinte når dei ikkje får kjøpe, andre ler og ristar på hovudet. Når vi reiser til utlandet tek vi det for gitt at vi får kjøpe med oss vin når vi besøker ein vingård, seier Eitungjerde.

Han trur at ei endring vil gje turistane eit meir heilskapleg tilbod. Ikkje berre får dei sjå fjordane og smake på fisken, dei kan også kjøpe med seg lokale varer som gåver eller reiseminne.

– Det ville bety mykje for det norske omdømmet, så vi ikkje vert oppfatta som så sære, seier Eithungjerde.

Sal til kvar tredje turist

Den økonomiske sida av saka er heller ikkje å forakte.

Tusenvis av turistar frå inn- og utland er innom Ciderhuset kvart år, og ut frå den interessa dei viser, reknar Eitungjerde med at kvar tredje besøkande ville kjøpt med seg varer om dei hadde høve til det.

– Å kunne selje eigne varer vil gjere det meir attraktivt å vere i denne bransjen, seier Eitungjerde.

– Vand med å vente

Om alkohollova vert endra som følgje av denne konklusjonen frå ekspertane er avhengig av utviklinga i den politiske debatten.

Førebels tyder det på at eit endringsforslag som opnar for direktesal frå nisjeprodusentar vil få fleirtal i Stortinget.

– Det vil nok ta si tid. Det er sagt at det kan skje noko tidlegast i 2016. Vi får berre vente og sjå. Vi er no vande med å vente, seier Eitungjerde.

Artikkeltags