Gå til sidens hovedinnhold

Håpar å få tilbake fødeavdelinga

Artikkelen er over 12 år gammel

Bente Øien Hauge i Lærdal optimist etter ny stortingsmelding.

– Sjansane er gode til å få tilbake fødeavdelinga i Lærdal, skriv sjukehusaksjonisten i ein blogg, etter at helse- og omsorgsminister Bjarne Håkon Hanssen (Ap) fredag presenterte stortingsmeldinga om svangerskaps-, fødsels- og barselomsorga.

Fjernar talgrensa

Statsråden vil oppheve talgrensene som definerer fødestove, fødeavdeling og kvinneklinikk. Det som skal avgjere institusjonstypen er kvaliteten på tilbodet.

Samstundes blir det lagt opp til at det er helseføretaka, og ikkje kommunane, som skal betale transporten for fødande.

– Når Helse Vest set i gang arbeidet med ein fleirårig plan for fødetilbodet i vest, vil det i denne meldinga vere mange gode argument for å gjenopprette fødeavdelinga ved Lærdal sjukehus, skriv Hauge.

Keisarsnittberedskap

Ho peikar på at Lærdal har keisarsnittberedskap heile døgeret, og at personalet er fullt ut kompetent til å drifte fødeavdeling.

– Det aller viktigaste med dette, er at ein langt større andel av fødekvinnene og familiane deira i Sogn kan bli spart for lange reisevegar, frykt og uvisse i samband med fødslane sine, meiner lokalsjukehusforkjemparen.