Gå til sidens hovedinnhold

Hanne er dyra sin bestevenn

Artikkelen er over 13 år gammel

Dyrebeskyttelsen: – Dyrevenn-tittelen heng høgt.

– Eg er både stolt og glad, sa veterinær Hanne Kristensen i Florø, som har fått Årets dyrevennpris av Dyrebeskyttelsen i Sogn og Fjordane

Ikkje kvart år

– Denne prisen heng høgt, og blir heller ikkje delt ut kvart år, seier Unn Vatsø og Cecilie Heggelund i Dyrebeskyttelsen, som overrekte Kristensen blomar og eit bilete som synleg teikn på at innsatsen hennar for dyra er blitt sett pris på.

– Hanne har gjort ein stor innsats når det gjeld informasjon og førebyggjande arbeid, ikkje minst når det gjeld villkattar. Tidlegare var Florø ein av dei verste plassane i fylket når det galdt villkattar, no har florøværingane lært seg å hanskast med dyra, og det skal Hanne ha ein stor del av æra for, ikkje minst gjennom det opplysningsarbeidet ho driv gjennom si eiga spalte i lokalavisa. Ho har ekte empati og ein flott måte å møte både dyr og menneske på, seier Vatsø til Firda fredag.

Oppriktig glad for prisen

Prisvinnaren sjølv hadde ikkje tid til ein lang takketale, for ho dei firbeinte pasientane stod i kø på dyreklinikken.

– Men eg er oppriktig glad for denne prisen, forsikra den travle dyrlegen.