Han var best av 171

- Veldig artig og absolutt relevant for ein framtidig karriere, seier ingeniørstudent Kristoffer Gryte. Han skulle gjerne ønskje at liknande prosjekt fanst i Sogn og Fjordane.

- Veldig artig og absolutt relevant for ein framtidig karriere, seier ingeniørstudent Kristoffer Gryte. Han skulle gjerne ønskje at liknande prosjekt fanst i Sogn og Fjordane. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

– Eg får i grunnen betalt for å leike meg ein heil sommar.

DEL

Frå ein søknadsbunke på 171 kandidatar kapra Kristoffer Gryte frå Førde ein av seks sommarjobbar i prosjektet «Zeppaloon».

– Veldig artig og absolutt relevant for ein framtidig karriere. Eg får i grunnen betalt for å leike meg ein heil sommar, seier Kristoffer.

Kristoffer studerer kybernetikk og robotikk ved NTNU, med mål om å bli sivilingeniør. På eit skuleprosjekt ved studieplassen i vår sette dei i gong prosjektet, og sommarjobben byggjer vidare på dette.

– Eg måtte søkje på jobben som alle andre, men håpa at det skulle vere litt lettare å kome med når eg allereie hadde vore innom prosjektet.

Ikkje langt i frå draumejobben

Sommarprogrammet «Zeppaloon» vert i år gjennomført for første gang. Det har vore stor interesse for studentprogrammet som er driven av Kongsberg Maritime.

Programmet går ut på å utstyre eit lite luftskip, Zeppaloon, med dynamisk posisjonering. Studentane jobbar med utvikling av software, thruster, styring og kontrollalgoritmar, saman med bruk av sensorar og referansesystem. Til slutt skal studentane demonstrere at luftskipet kan plassere ein gjenstand innanfor eit definert område.

– Det er ein bra gjeng og eit artig prosjekt. Eg blir fulgt godt opp av bedrifta. Det er veldig givande å få reell erfaring frå arbeidslivet; å sjå problem ein har ute i den verkelege verda, kommenterer Kristoffer.

Alt studentane jobbar med er reelle oppgåver som anten er ein del av ei programutvikling, eller skal bli til eit bestemt produkt eller teneste. Sommarjobbane er også eit viktig tiltak i den nasjonale teknologidugnaden, særleg retta mot å redusere fråfallsprosenten dei første studieåra ved teknologifaga. Kristoffer meiner sommarjobben ikkje ligg langt unna draumejobben.

– Eg kan gjerne tenkje meg å jobbe med forsking og utvikling innan styresystem av skip eller fly. Så denne sommarjobben er absolutt relevant for å nå dette målet.

Eit svart hol

– Det einaste som manglar i prosjektet er fagre Sunnfjord. Det byrjar å krible godt i turfoten her i Kongsberg, seier Kristoffer.

– Men diverre er Sogn og Fjordane er eit svart hol på det teknologiske noregskartet. Så inntil vidare lyt eg ut av fylket for å få prøvd meg på slike oppgåver.

Stor interesse

– Det har vore ei enorm interesse for å få vere med i årets Zeppaloon-program. Kristoffer er ein av dei seks utvalde som vi meiner kan vere ein viktig bidragsytar for at prosjektet skal lukkast, seier Håvard Moe, Executive Vice President i Kongsberg Maritime.

– Vi merkar ei aukande interesse for å jobbe gjennom sommaren med studierelevante oppgåver. Her får studentane jobbe med eit prosjekt frå start til mål, med reelle teknologiutfordringar kor dei får rettleiing frå erfarne ingeniørar. Vi vil vere med å bidra til at fleire ingeniørspirar får oppleve korleis teorien vert nytta i praksis, fortel Walter Qvam, konsernsjef i Kongsberg-gruppen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken