Desse bringebærplantane er viktige for alle som vil kjøpe nyplukka bringebær i mai.

– Spennande, seier bærdyrkar i Gloppen, Reidar Bakketun.

Éin av to

Han er ein av to produsentar i eit forskingsprosjekt drive i regi av Innvik Fruktlaget og Bioforsk.

3000 bringebærplantar stå i kvar si potte på forskingsfeltet på Vereide, og om vel ein månad er det ni månader lange svangerskapet utandørs over. Då startar prosessen med å «lure» plantane til å produsere bringebær utanfor det som er rekna som normal sesong

På kjøl når blada fell av

– Rundt midten av november fell dei grøne blada av, og då blir dei lange stenglane sett på kjøl. Dei plantane som skal få fram mogne bær i mai blir planta ut i veksthus i februar. Dei som skal gje avling først i slutten av august og utover i september blir tekne ut av kjølen først i juni, seier Bakketun.

For å hindre smitteoverføring får han sjølv ikkje produsere bringebær, og leverer langskota til bærdyrkarar utanfor fylket.

Målet med prosjektet er å utvide sesongen for bringebær. Normalt er den i juli og august, men no blir det forska på å kunne tilby ferske bær i butikkane alt i mai, og samstundes strekkje sesongen ut august og inn i september.

Sikre to kilo på kvar plante

Dei første vårbæra kom i fjor, no vender forskingsmiljøet blikket mot å utvikle produksjonsmetodar som sikrar bærdyrkarane minst to kilo bær frå kvar plante.

Og med forskingsmidlar frå Regionalt forskingsråd Vestlandet er det duka for ytterlegare tre når år med forsking og utvikling.

Innvik fruktlager søkte om fem millionar kroner fordelt over tre år. I tillegg går næringa inn med like stort beløp, noko som gir totalt ti millionar kroner til prosjektet dei kommande tre år.

Bakketun har vore med i prosjektet i fire år, og dei to siste åra har han levert plantane, eller langskota som dei heiter, til to produsentar utanfor fylket. Nå går prosjektet inn i ein ny fase; finne får prosjektet nye forskingsmidlar for å sikre nok produksjon til at den kan bli lønsam.

Arbeidskrevjande

– Det er arbeidskrevjande, men også moro å vere med i denne type prosjekt. På mange måtar blir det som å ha dyr i fjøsen, eg kan ikkje vere borte lang tid i slengen, seier Bakketun.

Plantane som no snart er klare for kjølen vart plukka som små stiklingar tidleg i vår. I juni vart dei små plantane sett i potte og flytta ut på friland, og i dag ruvar toppane rundt to meter over bakken.

Også Arvid Høydal i Brekke produserer til langskot, men der står plantane i veksthus.