Han er listetopp

Halvor Halvorsen frå Florø toppar Venstres fylkestingsliste for neste års val.

Halvor Halvorsen frå Florø toppar Venstres fylkestingsliste for neste års val. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Her kan du sjå alle som står på Sogn og Fjordane Venstre si liste til fylkestingsvalet.

DEL

Venstres liste til fylkestingvalet i 2015 er klar, og listetopp er 40-åringen Halvor Halvorsen frå Florø.

– Det har vore ein god nominasjonsprosess. Vi fekk inn omlag 60 namn, og alle lokallaga har bidrege, seier leiar i nominasjonsnemda Atle Hamar.

Nemnda grunnar at Halvorsen er vald som listetopp, då dette var eit namn det var brei oppslutning om i heile fylket. Halvor Halvorsen har lang erfaring i kommunepolitikken og i næringslivet.

– Med denne lista syner at vi er forberedt på forandring. Sogn og Fjordane står framfor ei rekke kutt, og kjem til å ha mykje mindre midlar enn det vi har vore vande med. Vi må tenke nytt, seier Halvorsen.

Ungt bidrag

Marit Barsnes Krogsæter og Klaus Iversen har meldt at dei ikkje tek attval. Nykommaren på lista er 18 år gamle Daniel Gangeskar på ein 4.plass. Han har tidligare uttalt at målet hans er å komme på fylkestinget og no er han eit steg nærmare.

– Det er klart det er stas å bli nominert. No går ein jo ekstra nominert inn i valkampen, sjølv om eg vart topp motivert frå før! seier Gangeskar. - Eg er veldig takknemleg for at Venstre gir meg denne sjansen.

Dei andre på lista er:

Marianne Øren, Lærdal (1960)

Gunhild berge Stang, Fjaler (1974)

Daniel Gangeskar, Vågsøy (1996)

Alfred Bjørlo, Eid (1972)

Trude Risnes, Leikanger (1971)

Sindre Roska, Førde (1967)

Vigdis Tonning, Jølster (1970)

Terje Horvei, Aurland (1961)

Kåre Jarl Langeland, Bremanger (1955)

Margot Åsebø, Eid, (1972)

Rune Nygård, Flora (1997)

Else Mundal, Sogndal (1995)

Ragnar Eimhjellen, Gloppen (1943)

Torstein Tvinnereim, Stryn (1970)

Marit Gjerstad, Flora (1978)

Bjarte Undertun, Gulen (1982)

Kariann Myklebust Fagerli, Selje (1977)

Jan Taule, Førde (1961)

Jon Ove Lomheim, Luster (1953)

Britt Grimelid, Balestrand (1956)

Ralf Bjarne Taraldset, Hornindal (1984)

Anne van der Vlugt Erstad, Fjaler (1956)

Marit Lofnes Mellingen, Leikanger (1971)

Bernhard Hole, Stryn (1967)

Judith Kapstad, Jølster (1950)

Morten Holmberg, Vik i Sogn (1960)

Geir Arne Solheim, Vågsøy (1976)

Eva Mary Ramstad, Sogndal (1944)

Runar Hovland, Naustdal (1977)

Aleksander Nygaard Åsnes, Førde (1990)

Siv Langøen Rotevatn, Eid (1958)

Louis Anda, Sogndal (1956)

Håvard Korsvoll, Gaular (1977)

Lidvar Berge, Høyanger (1976)

Halvor Gregusson, Sogndal (1981)

Gunnar Osland, Askvoll (1958)

Artikkeltags