Han er eitt av elleve luksusproblem

Sigmund Vereide er ein av elleve søkarar til stillinga som næringssjef i Gloppen kommune.

Sigmund Vereide er ein av elleve søkarar til stillinga som næringssjef i Gloppen kommune. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Kva har ein bonde, ein butikkeigar, ein sjølvstendig næringsdrivande og ein kulturarbeidar til felles? Ambisjonen om næringsutvikling i Gloppen.

DEL

– Det er alltid ei hovudpine med mange gode søkarar. Ofte skulle eg ønskje vi kunne tilsette fleire, men vi må lande på ein, seier rådmann i Gloppen, Jan Kåre Fure.

Han gler seg over mange sterke søkarar med variert bakgrunn og ulik kompetanse til stillinga som næringssjef i kommunen. Samstundes betyr mange interessante søkarar mykje arbeid for rådmannen.

Kva tid tilsetjinga er klar tør han ikkje love noko om, men det blir ikkje med det første. Med stor arbeidsmengd i kommunen og tilsetjing i samråd med Gloppen næringslivsorganisasjon føreseier rådmannen at det kjem til å ta si tid.

Utradisjonell og tolmodig?

Kommunen er på leit etter ein person som er utradisjonell, tolmodig og samarbeidsvilleg, og som har evne til å skape tillit.

– Tolmodig er eg ikkje av natur. Eg såg det stod i utlysinga, men eg valde å oversjå det, seier Sigmund Vereide og ler, før han går frå spøk til alvor.

– Eg har jobba med ting over tid, mellom anna har eg jobba mykje med etablering av nye bedrifter: Ein må vere tolmodig over tid for å nå langsiktige mål.

For hans eigen del er det langsiktige målet å skape handfaste resultat for næringslivet i Gloppen, men han tek ein ting om gangen.

– Først får vi sjå om eg kjem på intervju, seier Vereide.

Sterk konkurranse

– Eg ønskjer å bli næringssjef i Gloppen kommune fordi eg ser at Goppen har stort potensiale, mykje kompetanse og eit samansett næringsliv. Eg har lyst til å bidra til den vidare utviklinga av kommunen, seier Knut Roger Berge Nesdal.

Han har vore hotelldirektør, marknadssjef og driv i dag to butikkar på sandane. No er han ein av elleve søkarar til stillinga til næringssjef i Gloppen kommune.

– Det er heilt klart sterk konkurranse om denne stillinga. Det må ein rekne med når det står om ein så spanande jobb, seier Berge Nesdal.

– Kjønn er heilt uvesentleg

Av dei elleve søkarane til stillinga som næringssjef er det berre tre kvinner. Ikkje overraskande, meiner Magni Hjertenes Flyum.

– Det speglar kjønnsamansetnaden blant leiarane i næringslivet, seier ho.

Sjølv brenn ho aktivt for å bygge på styrkene i det eksisterande næringslivet i regionen.

– Kjønn har ikkje noko med saka å gjere, det er kvalifikasjonar og personlege eigenskapar som tel, seier Hjertenes Flyum.

Desse har søkt:

  • Edgar Kvernevik, 52 år frå Sandane
  • Jan Olav Tryggestad, 60 år frå Nordfjordeid
  • Jostein Nygård, 37 år frå Sandane
  • Jørn Skaarud, 44 år frå Eydehavn
  • Knut Roger Berge Nesdal, 45 år frå Sandane
  • Magni Hjertenes Flyum, 38 år frå Nordfjordeid
  • Marina Venendaal, 47 år frå Stryn
  • Nils-Einar Kjøsnes, 47 år frå Skei i Jølster
  • Sigmund Vereide, 52 år frå Sandane
  • Sveining Mæland Pile, 36 år frå Ulsteinvik
  • Wenche Martinsen, 56 år frå Drammen

Artikkeltags