Hamna på taket i sjøen

Artikkelen er over 9 år gammel

To personar sende til sjukehus.

DEL

Ein personbil køyrde av vegen og hamna på taket i sjøen ved Birkeli mellom Kjelkenes og Svelgen seint onsdag kveld.

Politiet fekk melding om utforkøyringa på rv 614 klokka 23.18.

Det var to personar i bilen, ein mann i slutten av tenåra og ein mann i starten av 20-åra.

Ifølgje politiet kom dei seg sjølve ut av bilen.

Dei to mennene vart først sende til lege i Svelgen, før dei vart sende vidare til Førde sentralsjukehus.

Den eine er moderat skadd og den andre lettare skadd, opplyser operasjonssentralen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Årsaka til ulykka er førebels ikkje kjent, men politiet har ikkje mistanke om ruspåverknad.

Artikkeltags