Gå til sidens hovedinnhold

Hamna i fjellveggen

Artikkelen er over 8 år gammel

Politiet har mistanke om stor fart.

Ei kvinne i førtiåra vart i dag tidleg send med ambulanse til sjukehus, etter at bilen ho køyrde hamna i fjellveggen ved Leversund, like aust for Sundafjellstunnellen, på Rv5 mellom Florø og Førde.

Kvinna var åleine i bilen då uhellet hende, opplyser politiet, som fekk melding om utforkøyringa litt etter klokka 08.

Det var ikkje vitne til sjølve hendinga, men spor på staden og vitneopplysningar tyder ifølgje politiet på at stor fart kan ha vore medvirkande årsak til uhellet. Autovernet på høgreside er tydeleg skada etter uhellet, medan bilen vart ståande mot fjellveggen på venstre side.

Det var ikkje glatt på staden.

Kommentarer til denne saken