Måndag kveld gjekk rundt 50 demonstrantar gjennom Florø sentrum for å demonstrere for Israel. Folk frå fleire stader i fylket hadde tatt turen til Florø for å delta i demonstrasjonen.

Kritiserte media

Demonstrantane song og ropte kamprop medan fakkeltoget gjekk gjennom Strandgata og Markegata, før det bar til byparken der det vart holdt appellar.

Leiar i Sogn og Fjordane Fpu, Erlend Bøe (16), og redaktør for avisa Norge Idag heldt appellar for dei frammøtte.

– Den norske journalistikken har tapt si ære, ettersom dei har framstilt saka frå berre ei side. Det er Hamas som har ansvaret for dei forferdelege historiene som legane Mads Gilbert og Erik Fosse har fotalt om på tv, sa Sæle i sin appell.

– Ukritisk

Han meinar at halvparten av den norske befolkinga har blitt hjernevaska av dei to legane, medan den andre halvparten deler syn med dei som vart representert i Florø i måndags kveld.

– Dekninga har vore ukritisk. Det har ikkje blitt stilt eitt einaste kritisk eller intelligent spørsmål, sånn at vi kunne fått belyst begge sidene i saka, sa Sæle.

Han fortalde vidare:

– Media har hatt ein totalt ubalansert dekning, og dei har ikkje eingang prøvd å gje eit fullt bilete av situasjonen.

Vil ha slutt på krig

Erlend Bøe takka det frammøtte, og sa at han var glad for at han ikkje er den einaste som størrar Israel og deira sak.

– Eg ønskjer ingen krig mellom palestinarane og israelarane. Men når Hamas har terrorisert og skutt rakettar mot Israel i over åtte år, så har Israel ei plikt til å forsvare seg og sitt folk. Når Israel først tek igjen etter åtte år, blir dei sett på som det store stygge ulven, sa Bøe i sin parole.

– Vi ønskjer alle at krigen i Gaza skal stoppe, for å spare menneskeliv. Likevel er det viktig å ha klart for seg at hovudansvaret for å oppnå våpenkvile ligg på Hamas sine skuldrer.

Bøe snakka også om ytringsfridom, og kor viktig det er at denne er heilag. Den unge politikaren frå Florø fekk for litt sidan drapstrugsmål fordi han har sympatisert med Israel.