Halve busselskapet seld

Illustrasjonbilde

Illustrasjonbilde Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Norgesbuss AS kjøper 50 prosent av aksjane i Firda Billag Buss AS.

DEL

Det er i dag inngått ein avtale mellom Firda Billag AS og Norgesbuss AS, som er eit dotterselskap av Torghatten ASA, om overføring av 50 % av aksjane i Firda Billag Buss AS.

Avtalen inneber at Firda Billag Buss AS vert ein del av konsernet Torghatten ASA.

Skal drive frå Førde

Det er utarbeidd ein aksjonæravtale mellom eigarane, som regulerer korleis samarbeidet om drifta av selskapet skal vere på ein del vesentlege punkt.

Selskapet skal halde fram med å drive si verksemd frå Førde, med same organisasjon og namn som i dag.

– Torghatten er ikkje tidlegare representert på Vestlandet og intensjonen er å bruke Firda Billag Buss som plattform for vidare ekspansjon i landsdelen, uttaler adm dir. Atle Rønning i Norgesbuss.

Viktig kompetanse

Adm dir. i Firda Billag AS, Peter Midthun, meiner avtalen vil tilføre busselskapet kompetanse og nødvendig kraft til å kunne delta som ein aktør på bussmarknaden i åra framover.

– Styret i Firda Billag har i fleire år arbeidd for å knytte til seg ein stor samarbeidspartnar. Dette har ein no lukkast med, noko som ein er særs godt nøgd med, skriv han i ei pressemelding.

Artikkeltags