Halbrend hyllar Ivar Aasen

Av
Artikkelen er over 13 år gammel

-Ivar gjekk og gjekk og eit nytt språk vi fekk! Slik skildrar 6. klassingane på Halbrend skule livet og livsverket til Ivar Aasen i ei setning.

DEL

Men i går brukte dei 50 minutt til å hylle nynorskens far. Først på ei skuleframsyning og seinare på kvelden for stolte foreldre, besteforeldre og søsken.

Språksamlar og diktar

Gjennom song, dramatiseringar, dans og rapping skildra dei livssoga til bondeguten frå Hovdebygda som reiste rundt i store delar av landet og samla ord til det nye målet.

Det var svært god breidde i skildringa. Diktaren Ivar Aasen hadde fått god plass, med kjende og kjære songar som «Mellom bakkar og berg», «Dei gamle fjell i syningom» og «Dei vil alltid klaga og kyta», og elevane hadde også med ein bolk med mange av Aasen sine ordtak.

Hadde drag på damene

Ei gruppe hadde ved hjelp av gamle bilete laga ei flott skildring av Aasens ferd gjennom Jølster, Førde og Gaular til Sognefjorden, og dokumenterte det som mange av oss kjenner på kvar dag. Sunnmøringen må ha funne nokre stilige nynorske ord i Sunnfjord.

Dessutan fekk vi vite at Aasen takka nei til å ta imot Olavskrossen, og at han hadde godt drag på damene sjølv om han levde einsleg eit langt liv.

-Vi trur at han var godt likt av jentene, men at han ikkje hadde tid til dei, seier dirigent, inspektør og PSM-gruppemedlem Anne Lise Lauvstad.

PSM står for positivt skulemiljø og er eitt satsingsfelt på Halbrend skule. Dei tre sjetteklassene, med assistanse frå musikkgruppa i 9. klasse, har brukt sju veker på Aasen-prosjektet.

-Det er full rulle, men veldig kjekt. No er vi ganske slitne, men lykkelege, oppsummerer Lauvstad.

Artikkeltags