Brørne André og Olav Sægrov likar å stå på ski. Aller helst på ein snødekt topp. Men dei har gjort det til fast sesongavslutning å samle ein vennegjeng innst i Kjøsnesfjorden, der dei hentar snø frå ein eigna stad, lagar løype ned ein grøn bø og endar skituren ut frå ein rampe og langt uti Kjøsnesfjorden.
Bli med på eit stykkje ekstremsport i Kjøsnesfjorden.