-Det er eit snev av alvor i dette stuntet. Men det er klart at vi ikkje kan leggje oss ut med Grunnlovas paragraf ein, som seier at «Kongeriget Norge er et frit, selvstendigt, udeleligt og uafhændeligt Rige. Dets Regjeringsform er indskrænket og arveleg monarkisk.» Likevel vil vi proklamere Gulating som eigen stat - og så får vi ta ting som det kjem.
Det seier Øyvind Heitmann - utnemnd skrivar for «Tingfolket» og Republikken Gulating.
Den høgtidelege statsdanninga skal skje i Eivindvik.
-Vonleg får vi bruke tingstaden på Flolid til arrangementet.
Vil skape blest
«Tingfolk» er ifølgje Heitmann ei gruppe historie- og samfunnsengasjerte menneske som gjennom å definere Gulating som eigen republikk voner å skape blest om Vestlandet, regionalisme i EU og EØS, distriktspolitikk og mellomalderhistorie.
-Kan hende kan vi invitere skuleelevar til ein teiknekonkurranse der utfordringa vert å forme ut flagg og pengesetlar til den nye staten?
Heitmann forklarar at staten Gulating vert tufta på Gulatingslova, som var gjeldande i områda Hordaland, Sogn og Fjordane, Vest-Agder, Aust-Agder, Sunnmøre i tillegg til Shetland og Færøyane -i perioden 900 til 1274. Ved sistnemnde årstal samla kongen Magus Lagebøte Gulatingslova, Borgatingslova og Frostatingslova til ei rikssamling av lover.
-Sjølv om dette på mange måtar er eit innfall og eit stunt, ligg alvoret bak. For i ei tid med snakk om regionalisering her i Norge, og med eit Europa i stadig endring, er det vel ingen som kan seie noko sikkert om korleis Europa ser ut om 50 år. Vi kan jo vere litt i forkant, og på mange måtar legge grunnlaget for at Gulating ein gong kan verte akseptert som eigen stat.
Samarbeid med Shetland
Heitmann fortel at Tingfolk samarbeider med ein tilsvarande gruppe på Shetland for å skape merksemd kring eigedomstilhøva til øyane vest i havet, kontinentalsokkelen og Vestlandskysten
-På vår side er det nok å nemne debatten kring skattlegginga av oljeleidningen til Mongstad -no sist om skattegrunnlaget strekkjer seg fire eller tolv nautiske mil i havet.
Heitmann fortel at det på Shetland går føre seg seriøse diskusjonar for å slå fast om «Udal Law» (odelsrett) eller føydalrett gjeld på øyene -og i tilfelle kva odelsretten vil innebere når det gjeld styringsretten til dømes for naturressursar som kystfiske og olje.
-På øygruppa er det også eit spørsmål om med kva rett området er lagt under britisk styre. Mange spør seg om det snart er tid for at styringa på Shetland vert endra til ein form for koloni, med lokalt styre for skattlegging og naturressursar. Dersom Shetland vert med inn i Republikken Gulating, kan vi deretter gje dei dette sjølvstyre, konkluderer Heitmann optimistisk.