– Gruve blir slutten her

øydelegg omdømet:  - Det er inntrykket av rein, urørt natur som sel norsk fisk,  meiner Ingvar Osland og Alex Vassbotten.8Foto: Ole Johannes Øvretveit

øydelegg omdømet: - Det er inntrykket av rein, urørt natur som sel norsk fisk, meiner Ingvar Osland og Alex Vassbotten.8Foto: Ole Johannes Øvretveit Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

ENGEBØ: Eit sjødeponi i Førdefjorden vil skremme alle oppdrettarar ut av Sunnfjord, meiner oppdrettarar.

DEL

– No sel dei sløgd laks i USA for same kilopris som filetar frå Chile. Det har med ein einaste ting å gjere: Omdømme, seier Ingvar Osland, dagleg leiar ved Flokenes Fiskefarm. Merdane hans ligg i Dyvika, tvers over fjorden og knappe 3000 meter frå Engebøfjellet. Han og Alex Vassbotten ved Steinvik Fiskefarm er dei første som må rømme frå Førdefjorden, dersom Nordic Mining får løyve til å legge gruveavfall i sjødeponi.

Skadar omdømmet

– Norsk fisk sitt omdømme i utlandet er bygd på årevis med marknadsføring der ein vektlegg det kalde, det arktiske, den reine og urørte naturen. Med kvart einaste parti fisk må vi levere eit helsesertifikat, der må vi liste opp kva som kan påverke fisken, den skal ha ein historikk, kunden skal kunne sjå nøyaktig kor fisken kjem ifrå, og alle risikofaktorar som kan tenkast å påverke den. Og gruveutsleppet er ein risiko, så enkelt er det.

Dei siste analysane Nordic Mining har lagt fram, syner at partikkelspreiinga i området der oppdrettsanlegget i dag ligg, i periodar kan komme opp i 5–10 mg per liter vatn.

Kan ikkje ta sjansen

– Og 10 milligram er risikogrensa. Trur du eg då kan ta sjansen på å sette ut 2000 tonn laks her, verdiar for 80 millionar kroner, og så ta sjansen på at eg ikkje blir kvitt fisken? Nei, sjølvsagt ikkje.

Lokalitetane lenger ute kan fort og bli ståande tomme, meiner Alex Vassbotten, som har eit anlegg på Flokeneset.

– Blir det mange slike medieoppslag i utanlandske aviser som det vi såg i The Guardian denne veka, så er det ingen som vil ta sjansen på å drive lakseoppdrett i Sunnfjord. Det spelar ingen rolle om du faktisk er innanfor spreiingsområdet frå deponiet, problemet er om folk trur at du er det. Den sjansen har ingen råd til å ta. Heile bransjen kan bli utradert frå Sunnfjord, så enkelt er det, seier Vassbotten.

– Men kva rakar det eit anlegg ute i Rekstafjorden, om det blir etablert ei gruve langt inne i Førdefjorden?

– Fordi straumen går ut og inn fjordane. Det er jo det som er det unike med Norskekysten, ei passe utskifting av vassmassar, inn og ut fjordane, og så nordover med Golfstraumen.

– Kjem du verkeleg til å legge ned sjølv?

Sel konsesjonane

– Altså, kjem vi dithen at vi får partikkelspreiing ut til oss, så er jo skaden skjedd. Den sjansen kan eg ikkje ta. Men det er langtidseffekten av det. Korttidseffekten er det som gjeld omdømmet vårt. Og det vil ramme norsk fisk breitt.

– Men om du legg ned, kva skal du då leve av?

– Går det ikkje an å drive her, så får vi selje konsesjonane våre til dei store selskapa, som har plass nok til å legge dei inn på sine eigne lokalitetar som ligg andre stader i Norge. Og det er ikkje synd i meg om eg sel, men det er jo synd for samfunnet rundt oss, då. Eg hadde jo håpt at her skulle vere aktivitet i generasjonar framover, seier Vassbotten.

Artikkeltags