– Grove feil i rapportar om fjorddeponi, meiner forskar.

Partiklar frå eit gruvedeponi i Førdefjorden vil vere til skade både for livet på botnen og i dei frie vassmassane i fjorden, seier forskar på akvamedisin.

Partiklar frå eit gruvedeponi i Førdefjorden vil vere til skade både for livet på botnen og i dei frie vassmassane i fjorden, seier forskar på akvamedisin. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

– NIVA undervurderer kor farlege partiklane frå gruvedeponi i Førdefjorden vil vere for livet i dei frie vassmassane.

DEL

Det hevdar Agnar Kvellestad, dr. philos. og universitetslektor ved NMBU - Fakultet for veterinærmedisin og biovitskap (tidl. Veterinærhøgskolen). Han er spesialist på akvamedisin.

I ein kronikk i Bergens Tidende 14.08. kritiserer han rapportar frå Norsk institutt for vassforsking (NIVA) og Miljødirektoratet for store manglar og for ei feilaktig framstilling av forskinga dei baserer seg på.

– At desse rapportane vert lagt til grunn i den politiske handsaminga av Engebø-deponiet tykkjer eg er svært urovekkande, seier Kvellestad.

Undervurdert fare

Kvellestad hevdar partiklar i sjøvatn er farlegare enn det NIVA og Miljødirektoratet tek høgde for.

– NIVA oppsummerer kort resultat frå ei undersøking av effekten partiklar i sjøvatn har på fisk, i eit forsøk utførd av kinesiske forskarar. 30 prosent av den utsette fisken døydde, men berre frå den fisken som overlevde vart mellom anna gjellene undersøkte.

Basert på det hevda NIVA at partiklane hadde liten skadeleg effekt.

– Dette blir som å studere effekten av røyking på lungene og berre undersøke 80-åringar, utan å ta med i betraktninga alle dei som allereie har omkomme av røyken, seier Kvellestad.

Grunnlaus grenseverdi

Men kritikken stoppar ikkje der. I den same rapporten finn Kvellestad at NIVA har feilsitert det vitskaplege kjeldematerialet. For rapporten hevdar at dei påviste skadane hende ved ein konsentrasjon av partiklar i vatnet på 50 mg/l. Det rette talet er 30–35 mg/l.

Også rapporten frå Miljødirektoratet tilrår 50mg/l som ei generell øvre grense for kor mykje partiklar som kan vere i vatn utan at fisk og andre organismar tek for stor skade av det.

Ifølgje forskaren finst det ikkje vitskapleg grunnlag for dette talet.

– Når det gjeld grenseverdi er vitskapleg litteratur feilsitert på ein slik måte at partiklane verkar mindre farlege enn dei i realiteten kan vere. Det forskinga faktisk seier er at det er tydelege påverknader på organismar i sjø ved ca 50 mg/l. Ved berre 8–18 mg/l dør allereie 5 prosent av dei undersøkte artane. Dersom det blant desse er nøkkelartar kan konsekvensane for økosystemet verte store.

Likning med fleire ukjende

Som om likninga no ikkje var komplisert nok, legg Kvellestad til nok ein ukjend faktor.

– Partiklane som vert deponert er behandla kjemisk og er såkalla industriskapte partiklar. Så langt eg kjenner til finst det ikkje kunnskap om korleis akkurat desse partiklane vil påverke levande organismar.

–Om gruvearbeidet vert sett i gang no vert det eit nytt, stort eksperiment.

Positivt med kritikk

– Vi tek imot det Kvellestad seier, og eg reknar med at NIVA vil gjere det same. Det er bra vi får kritikk på saker vi jobbar med, slik utviklar kunnskapen seg, seier Harald Sørby i Miljødirektoratet.

Han understrekar at det enno ikkje er fatta avgjerd i denne saka.

– Miljødirektoratet har sendt vår innstilling til Klima- og miljødepartementet, som no handsamar forureiningsaspektet ved denne saka. Reguleringssaka er no hos Kommunal- og moderniseringsdepartementet, seier Sørby.

Artikkeltags