Gå til sidens hovedinnhold

Grotle: - Vi skal ikkje evakuere

Artikkelen er over 9 år gammel

Kommuneleiinga sit i kriseberedskap på rådhuset måndag kveld.

Ordførar i Førde kommune, Olve Grotle (H), følgjer politiet si oppmoding og åtvarar innbyggjarane sine om å ferdast i sentrumsgatene av byen måndag kveld og natt til tysdag.

- Dette er ikkje dagen ein skal gå på 2. juledagsfest. Eg synest folk bør halde seg innandørs og helst heime, seier Grotle.

Ikkje evakuering

Saman med andre frå kommuneleiinga sit han søndag kveld i beredskapsmøte på kommunehuset i sentrum Sør, eit av områda der flaumen har råka verst.

Tidlegare måndag uttalte ein kommunetilsett til firda.no at dei kontinuerleg vurderte evakuering av bebuarar i bustadområdet Vieåsen, dette avviser imidlertid Grotle.

- Folk er innestengde utan vegsamband, men det er førebels ikkje aktuelt med evakueringar, seier ordføraren.

Både ja og nei. Vi har kontroll på det som har med trafikk og tryggleik å gjere. Men sjølvsagt er det vanskeleg å få kontroll på vassmengdene. Vi håpar at vi i løpet av kvelden og natta vil få betre drenering, slik at i alle fall dei trafikale problema blir løyste.

Ventar på springflo

Kring midnatt er det venta springflo i Førde, og vatnet har dermed enno ikkje nådd sitt høgaste punkt.

- Vi har kontroll på det som har med trafikk og tryggleik å gjere, men brannvesenet har eit svare strev med å få kontroll på overflatevatnet, fortel Grotle.

Brann- og redningssjef i Førde, Bernhard Øberg, sa til firda.no tidlegare måndag kveld at dei slit med å få oversikt over situasjonen, og har bede sivilforsvaret om bistand.