Onsdag sende Solundmat kring 100 kilo levande hummar til kundar i Oslo, og målet er å få ut eit par hundre kilo til, minst, fortel Tom Erling Bahus, innleigd for å marknadsføre og byggje nettverk for Solundmat AS.

Gourmet-mat

Tidlegare Bagatelle-sjef og no TV-kokk Eivind Hellstrøm står på kundelista til den ferske bedrifta i Solund.

Det same gjer Bent Stiansen på Stattholdergården, og førdianar Ole Jonny Eikefjord på Restaurant Eik i hovudstaden har kjøpt villsau frå Solund, fortel Bahus.

Høgsesong for hummar

Akkurat no er det høgsesong for hummar. I startåret 2011 leverte Solundmat 300 kilo hummar og målet er å levere minst like mykje i år.

Hummaren vert levert av lokale fiskarar og pakka levande og sendt frå Solundmat sitt anlegg i Ytrøygrend i Ytre Solund.

Lokale råvarer

Solundmat AS vart skipa i fjor sommar med ein aksjekapital på 800.000 kroner, eigd av lokale reiarlag og einskildpersonar i kommunen.

Føremålet er å skape næring av lokale råvarer.

100 skrottar av villsau

Eit av satingsområda er villsau, og så langt i år har verksemda levert kring 100 skrottar, hovudsakleg til fire restaurantar i Oslo.

Ein del av lamma vert også tørka og salta for seinare levering.

Klippfisk og lutefisk

Produksjon av klippfisk er også viktig, og bedrifta er også i gang med produksjon av luterfisk, fortel Bahus.

Eit lite underskot

I fjor kom Solundmat seint i gang med produksjonen, først den 1. september, og omsette for 1,4 millionar kroner.

På grunn av den forseinka starten, vart resultatet langt betre enn venta, skriv styret i årsmeldinga.

Kjell Mongstad er leiar i styret, og Øyvind Lending er dagleg leiar.