Gå til sidens hovedinnhold

Godt år for Elis

Artikkelen er over 17 år gammel

For dataverksemda Elis AS i Dale har 2003 vore eit særs godt år. I ei tid der lokalt næringsliv på mange måtar er inne i ein tung depresjon, er den vesle dataverksemda i Fjaler i ferd med å vekse seg stor.

I løpet av 2003 har Elis halt i land store kontraktar med høvesvis Agder Energi og Buskerud Kraftnett AS.

Salssjef i Elis, Johnny Haugsbakk, vil ikkje gå i detalj om kor stor verdi kontraktane har i kroner og øre.

– Avtalane, som i første omgang er tidsavgrensa i fem år, sikrar oss uansett eit solid fundament for vidare vekst i selskapet.

Nisjeprodukt

Elis AS utviklar og marknadsfører programvare for kraftbransjen. Produkta dei leverer er stort sett dataverktøy for avrekning og fakturering overfor straumkundar, og Elis har gjennom det Widows-baserte ElWin systemet, bygd seg opp ein nisjekunnskap som er ettertrakta i marknaden. Til dømes er straumrekningane frå Sunnfjord Energi, ei av pilotkundane til Elis, laga ved hjelp av programvarehuset i den gamle skofabrikken i Dale.

Konsulenttenester, brukarstøtte, kurs og driftsstøtte er andre fundament for Elis.

– Vi har i dag om lag 60 kundar, noko som utgjer 35 prosent av marknaden, og du kan trygt seie at vi pustar marknadsleiaren Schlumberger alvorleg i nakken, seier dagleg leiar Ove Myklebust. I fjor omsette Elis for 15,6 millionar kroner. I år tangerer selskapet 22 millionar i omsetnad.

– I løpet av 2003 har vi knytt til oss heile sju nye og høgt kvalifiserte medarbeidarar. Vi har fulle ordrebøker for tre år framover, og vi tek sjølvsagt sikte på vidare vekst også i åra som kjem. Alt neste år vil vi truleg ha trong for enno fire nye medarbeidarar, seier Haugsbakk.

Verksemd mot straumen

Elis er på mange måtar ei dataverksemd som jobbar mot straumen i IT-verda.

I ei tid då IKT-verksemder klumpar seg saman austpå, insisterer Elis på å drive frå Sunnfjord.

– Kan hende opnar vi ein filial i nærleiken av Oslo. Men det vert ikkje snakk om anna enn ein filial, for det er i Dale vi vil vere, insisterer Haugsbakk og Myklebust.

Salssjefen opplyser at verksemda ikkje har gjeld, samstundes som ein opererer med det dei omtalar som solid eigenkapital.

– Det har på mange måtar vore vår filosofi å ta små skritt, setje tæring etter næring og satse når vi har hatt ryggrad til det.

For eit par tre år sidan hadde Elis, som i dag har 21 tilsette, vanskar med å skaffe kvalifiserte medarbeidarar. Dette har no snudd.

– I dag knyter vi stort sett til oss fagleg dyktige folk med lokal tilknyting. Det er også ei uttalt målsetjing for oss at vi at dei tilsette skal ha lokalt ankefeste. Det sikrar stabilitet i arbeidsstokken, seier Myklebust.

Avhengige av Bringeland

Både Haugsbakk og Myklebust poengterer at det truleg ikkje hadde vore mogleg å drive Elis frå Dale utan flyplassen på Bringeland.

– I vår bransje handlar det om å eksportere hovud – altså kunnskap. Vi er avhengige av å fly kunnskap inn og ut, og i så måte vert nærleik til ein flyplass viktig. I dag er vi faktisk nærare ein flyplass enn mange IT-verksemder kring Oslo. Difor er det relativt enkelt å drive i vår bransje frå ein stad som Dale. Men då må altså infrastrukturen vere på plass, konkluderer dei to.

Kontrakten med Buskerud Kraftnett AS, vart underteikna tidlegare denne veka.

– Ei skikkeleg god førjulspresang for Elis, oppsummerer Haugsbakk.