Godkjenner ikkje gruveplanar no

Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell seier førebels nei til gruvedrift. - Det ligg ikkje føre tilstrekkeleg grunnlag til å treffe avgjerd i Engebøsaka, skriv Miljøverndepartementet i ei pressemelding.

Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell seier førebels nei til gruvedrift. - Det ligg ikkje føre tilstrekkeleg grunnlag til å treffe avgjerd i Engebøsaka, skriv Miljøverndepartementet i ei pressemelding. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Ber om meir tilleggsinformasjon.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Miljøverndepartementet melder onsdag at dei ikkje kan godkjenne reguleringsplanen for gruveprosjektet i Engebø.

- Det ligg ikkje føre tilstrekkeleg grunnlag til å treffe avgjerd i Engebøsaka. Miljøverndepartementet kan derfor ikkje godkjenne reguleringsplanen eller gje utsleppsløyve etter forureiningslova, heiter det i ei pressemelding.

Vil ha informasjon

Departementet krev at det blir gjort fleire undersøkingar før dei slutthandsamar saka.

- Miljøverndepartementet ber om ytterlegare opplysningar ut i frå at saka ikkje kan avgjerast av departementet før det ligg føre kartlegging av strømmingsmønsteret i fjorden og ei grundigare vurdering av risiko for spreiing av finpartiklar, samt enkelte andre tilhøve. Desse tilhøva omfattar noko meir kunnskap om naturmangfaldet i deponiområdet, effektar av sprenging på fisk og informasjon om bruk av ferskvatn.

- Ikkje trygge

- Vi er ikkje trygge på at det ikkje kan skje spreiing av partiklar utover i fjorden. Førdefjorden er ein nasjonal laksefjord og eit viktig område for oppdrett, dessutan er det ein fjord folk brukar mykje. Vi må vere heilt sikre på miljøkonsekvensane før vi kan opne for fjorddeponi, seier miljøvernminister Bård Vegar Solhjell (SV) til Firda.

Nordic Mining vil i gang med rutilutvinning i Engebøfjellet i Naustdal, men fjorddeponiet der gruveavfallet skal lagrast er omstridd.

Saka har lagt på bordet til Miljøverndepartementet i lengre tid. Nyleg har framståande politikarar flagga syn i saka, og fleire har også etterlyst ei avgjerd i departementet.

Artikkeltags