Gnagarar et opp mobildekninga

Gnagarar tek mobildekninga i Hyllestad

Gnagarar tek mobildekninga i Hyllestad Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Uønskte gjester skapar problem for mobilbrukarar.

DEL

Innbyggjarar og næringsdrivande i Lifjorden i Hyllestad har sett seg leie på at mobildekninga forsvinn fleire dagar i slengen.

– No er det tredje gongen sidan nyttår at vi er utan mobildekning her, seier Jan Helge Lekva.

Telenor gjev ei noko uvanleg forklaring på problemet: Gnagarar.

– Korleis dei har komme seg inn i røra eller akkurat kva dyr det er veit vi ikkje, men svoltne må dei ha vore, seier informasjonssjef i Telenor, Per A. Meling, om gnagarane som har sett ein av Telenor sine sendarar ut av spel.

Han fortel vidare at den utsette sendaren hadde same problem frå den 6. til den 10. januar i år. Då var fiberen gnaga av fleire stader og det måtte skøytast på 100 meter ny kabel.

Tydelegvis er det er mykje smågnagarar i aktivitet i området, for etter at kabelen vart lagt attende har dei svoltne små vore på ferde igjen.

– No har vi løyst problemet mellombels ved å henge kabelen opp i eit tre, utanfor rekkevidde for skarpe gnagartenner. No må vi utarbeide ei permanent løysing, seier Meling.

Vert ikkje prioritert

– Telenor lova at problemet skulle vere ferdigretta innan klokka 16 mondag, men tysdag morgon var det framleis ikkje komme dekning her, fortel Jan Helge Lekva.

I følgje Lekva er det ikkje første gongen, derimot hevdar han at det er sjeldan Telenor held seg innanfor den tidsramma dei lovar.

– Ein får inntrykk av at vi ikkje vert prioritert av Telenor fordi vi er ei lita bygd med ein litan sendar, seier han.

Telenor hevdar dette ikkje er tilfellet.

–Det stemmer ikkje at vi prioriterer små stader lågare enn større stader. Vi sender beskjed til entrepenørar like raskt uansett stad og rykker ut så snart vi har ein entrepenør, seier Meling.

Han hevdar at situasjonen i Lærdal førte til ei forseinking i arbeidet med å utbetre feilen i Hyllestad i går. No forsikrar han om at dei som er råka vil få dekninga att i løpet av tysdag.

Konsekvensar for næringsdrivande

Marine Harvest og Veidekke har anlegg i Lifjorden der mobildekninga har vore mildt sagt utsabil dei siste vekene.

– Det har vore av og på med mobildekninga. Vi har dekning på anlegget, men inne på landbasen har det mangla. Sidan vi er inne i ein roleg periode no har det gått greit, men hadde det vore i ein travel periode hadde det vore veit større problem, fortel Tor Halvor Nygård, driftsleiar ved Marine Harvest i Hyllestad.

Per Inge Oppedal i Veidekke fortel at fleire har merka at mobildekninga har vore ustabilt på anlegget. Ved Veidekke har problemet likevel ikkje vore så merkbart som andre stader, sidan dei har så dårleg dekning til vanleg at dei er vande med det.

– Ein kan ikkje stole på at der er dekning. Oppe i brotet der vi oppheld oss mest er det rett og slett ikkje dekning. I dagens samfunn forventar ein at det er mobildekning der ein er, om det skulle skje noko, seier Oppedal.

Artikkeltags