Gjorde makabert funn i sjøen

Dykkarar fann innestengt og drukna katt

Dykkarar fann innestengt og drukna katt Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Etter at Firda skreiv om dumping av kattar på Svidalsøyra i Jølster har vi fått tilsendt desse grufulle bilda.

DEL

– Dette er ei uvanleg grov sak, og dyremishandling av verste sort, seier Linn Krogstad, pressekontakt i Dyrebeskyttelsen Norge til BA.

Dyrebeskyttelsen Norge vart i førre veke kontakta av ein fritidsdykkar som saman med ein annan hadde funnet eit bur på dykketur ved Rongesund kai i Øygarden.

Les også: To kull med kattungar dumpa på rasteplass

Obduksjon ikkje mogleg

Inni buret var det ein katt, som etter alt å dømme drukna etter at buret vart kastet i sjøen.

– Vi trur ikkje katten har vore i vatnet så veldig lenge før den vart funnen, men den er gått i oppløysing slik at obduksjon ikkje vil vere mogleg, seier Krogstad.

Fekk sjokk

Jan Holden var ein av de to dykkarane som gjorde det makabre funnet etter ein dykketur.

– Vi så eit bur som låg på rundt 4 meters djup. Vi fekk sjokk da vi svømte bort og såg poten som stakk ut, fortel han BA.

– Vi tenkte først at vi ville gravlegge den, men på grunn av tilstanden den var i, såg vi det ikkje som forsvarleg å frakte den opp til land utan å rådføre oss med Dyrebeskyttelsen først, seier han og legg til at Dyrebeskyttelsen ville sende ein veterinær for å sjå på katten.

Dei gjekk likevel tilbake i går for å ta bilde av funnet.

Holden meiner det er tydeleg ut ifrå kvar det låg, at buret er blitt kasta frå kaia.

– Det er mektig provoserande å sjå at folk behandlar dyra sine på denne måten, seier han.

– Heilt forderdeleg

Ifølgje Dyrebeskyttelsen vitnar kattens pote, som stakk ut av sprinklane i buret, om kampen den har kjempa.

– Vi er klar over at mange vel lettvinte løysingar når det ikkje lenger passar å vere dyreeigar. At nokon vel å kaste familiedyra sine på havet har vi dessverre også høyrt om før. Det er helt forferdeleg at nokon kan usette eit dyr for den lidinga som er gjort her. Kva enn som er den skuldige si unnskyldning for å ha gjort dette kjenner vi ikkje, men uansett finst det ingen unnskyldning god nok, seier Krogstad.

Meld til politiet

Krogstad presiserer at slik mishandling av dyr er straffbart.

Dyrebeskyttelsen Norge vil melde saka til politiet og ber publikum om tips i saken.

Artikkeltags