Gjev nest flest gåver i landet

Anders Kvamme, resepsjonist på Førde Quality Hotell, var den som tok initiativ til at hotellet skulle samle inn julegåver frå førdianarar til rumenarar. Flesteparten av gåvene vart henta i dag, og dei er merka med kva alder og kjønn dei passar best for.

Anders Kvamme, resepsjonist på Førde Quality Hotell, var den som tok initiativ til at hotellet skulle samle inn julegåver frå førdianarar til rumenarar. Flesteparten av gåvene vart henta i dag, og dei er merka med kva alder og kjønn dei passar best for. Foto:

– Eg hadde håpa vi fekk samla inn 600- 700 julegåver, men hadde aldri trudd talet skulle ende opp på 1.166, seier Anders Kvamme.

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

Han er resepsjonist på Førde Quality Hotell, og var den som tok initiativ til at hotellet skulle samle inn julegåvene. Flesteparten av desse gåvene går til rumenske barneheimsborn, og vart henta i dag.

– Gåveinnsamlinga har gått over all forventing, eg er imponert over kor mykje folk har brydd seg, seier Kvamme og smiler.

Innsamllinga har skjedd i samarbeid med Romaniahjelpen Vestlandet, og har vore ein del av prosjektet «Einsamt tre søker pakkar». Dette prosjektet er alle hotella i Choice-kjeda med på kvart år, og det er opp til kvart hotell kva pakkane herfrå skal gå til.

Samla inn nest flest i Norge

– Denne gongen var det Førde Hotell som klarte å samle inn nest flest gåver av Choice-hotella i landet. Vi hamna også på sjuandeplass i Skandinavia, fortel Kvamme stolt.

Det hotellet som samla inn flest gåver ligg i Bodø - ein langt større by enn Førde.

– Eg las om Romaniahjelpen på nett, og tykte det passa veldig fint for hotellet å vere med på den, seier Kvamme.

Tor Benjaminsen, leiar i Romaniahjelpen Vestlandet, er imponert over leda til førdianarane.

– Eg kunne eigentleg ikkje ha vore meir nøgd med talet på gåver vi snart skal sende til Romania, seier han.

Romaniahjelpen henta kring 200 av gåvene tidlegare denne månaden, men gåveberget som var att i dag, var likevel så stor at den rekte Kvammen opp til brystet.

– Skal samle inn mest neste år

Kvamme seier han tok initiativ til tiltaket hovudsakleg fordi saka var så god.

– Hotellet har samarbeida med Romaniahjelpen før, og har gode erfaringar frå det. Organisasjonen gjev oss òg tilbakemelding på korleis gåvene vert mottekne i Romania, og det er kjekt. Vi veit at dei kjem frå når vi samarbeider med Romaniahjelpen, fortel han.

– Skal hotellet vere med på same prosjekt neste år også?

– Då er eg ferdig her, men ja, eg skal syte for at nokon på hotellet tek initiativ til det også då. Då skal hotellet heilt klart vere det i landet som samlar inn flest gåver, seier Kvamme og ler.

Éin som verkeleg veit korleis gåver frå Norge vert motteke i Romania, er Jan Helge Sellevold. I løpet av dei siste 15 åra har han køyrd nærare 20 turar til Romania, for Romaniahjelpen og Lions.

– Takksemda rumenarane syner over gåvene er heilt enorm – den liknar ikkje noko anna. Når eg kjem for å levere gåver gjer det at eg kjenner meg som ein liten helt, noko som er utruleg gjevande, seier han.

Turen til Romania er på kring 3.000 kilometer, og den turen tek Romaniahjelpen fatt på 6. april. Før den tid skal organisasjonen hente inn fleire gåver frå resten av fylket.

Nytta sosiale medium

Kvamme fortel at han, hotellet og Romaniahjelpen stort sett har nytta sosiale medium til å opplyse om tiltaket.

– Vi har særleg vore aktive på Facebook. Elles har eg fått alle på hotellet til å spreie bodskapet til kjentfolk, seier Kvamme og smiler.

Artikkeltags