Gjerland Førde-ordførar

Av
Artikkelen er over 15 år gammel

Nils Gjerland frå Senterpartiet blir ny ordførar i Førde medan Norvall Nøringset frå SV blir varaordførar.

DEL

Seint onsdag kveld vart det klart at Senterpartiet, SV og Arbeidarpartiet samarbeider ved konstitueringa av det nye bystyret.

Resultatet er at Senterpartiet får ordføraren medan SV får varaordføraren.

– For oss er det natureleg med eit samarbeid med Ap og SV. Det handlar ikkje berre om eit teknisk samarbeid, seier Gjerland.

Han påpeiker at Senterpartiet har fleire politiske treffpunkt med Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti enn dei har med Høgre.

– Vi skal også ha respekt for valet, seier Gjerland, og tenkjer på at SV kom ut som det største partiet i Førde.

I ein koalisjon mellom SV, Sp og Ap sit dei tre partia på 15 av dei 27 mandata i det nye bystyret i Førde.

Før møta var SV innstilte på å slåst for orfdførarklubba. – I ein sånn konstellasjon vil vi krevje ordføraren, men Sp kan samstundes velje kva side dei vil gå til. Eg stiller som ordførar, men Sp avgjer, sa Norvall Nøringset før han gjekk i møte.

Sjølv om SV var den store valvinnaren i Førde, syntest han det var vanskeleg å seie kva som er rett og rimeleg i kampen om ordførarklubba.

– Vi må innsjå at det er eit borgarleg fleirtal i det nye bystyret, seier Nøringset.

Gjerland med sterke kort

Gjerland og Sp var fullstendig klaer over at dei var den attraktive parten i kampen om makta i Førde. Derfor vile dei stille krav.

– Eg registrerer at eg har fått mange personlege stemmer. Eg er ein kompromisskandidat til ordførarklubba, sa Gjerland.

Aksepterer begge

Listetopp Sveinung Nordtveit i Ap har ikkje lenger ordførarambisjonar.

– Det gav valet oss klare signal på. Vi er interesserte i eit samarbeid med SV og Sp, og då er det to ordførar-alternativ, sa Nordtveit.

– Men vi har ikkje noko problem om det skulle verte Gjerland heller, seier Nordtveit.

For Ap er vinsten med samarbeidet å sikre seg to representantar i det nye formannskapet. Dette har begge dei to andre partia i og med valresultatet.

Dersom SV, Sp og Ap vert samde om eit samarbeid, vil dei tre partia få seks av ni plassar i formannskapet.

Alle dei tre listetoppane understrekar at grunnlaget for eit samarbeid må handle om meir enn det reint tekniske. Derfor var ei felles plattform og avklaring av ståstad i ulike saker viktige tema under forhandlingane i går kveld.

Artikkeltags