Gjerde ny ordførar i Hyllestad

VERFTSMANN: Jan Olav Gjerde er HMS-leiar på skipsverftet i Leirvik og har lang fartstid som hovudtillitsval. Han har site i kommunestyret for Arbeidarpartiet sidan 1991. Arkivfoto

VERFTSMANN: Jan Olav Gjerde er HMS-leiar på skipsverftet i Leirvik og har lang fartstid som hovudtillitsval. Han har site i kommunestyret for Arbeidarpartiet sidan 1991. Arkivfoto Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

Etter 20 år i kommunestyret vert Jan Olav Gjerde (Ap) ordførar i Hyllestad.

DEL

Han får med seg Joakim Systaddal frå Samlingslista som varaordførar.

Avtalen mellom Arbeidarpartiet og Samlingslista vart underskriven torsdag ettermiddag. Dei har til saman har ni av 17 representantar i kommunestyret.

Har lang fartstid

Gjerde avløyser Tore Bråstad frå Senterpartiet som takka for seg i lokalpolitikken etter fire år som ordførar.

Med 53 år gamle Jan Olav Gjerde får kommunen ein svært rutinert politikar og fagforeiningsmann som sin fremste talsperson.

Gjerde bur på Hyllestad og jobbar som leiar for helse-, miljø og tryggleik på skipsverftet i Leirvik. Han har også lang fartstid som hovudtillitsvald på verftet.

Skal omstille seg

Gjerde seier til firda.no at han gler seg til å ta fatt, men han legg ikkje skjul på at det er utfordrande å styre ein kommune med einsidig næringsliv og lågt folketal.

- Vi skal jobbe for å komme på offensiven og nytte omstillingsstatusen godt, seier Gjerde.

- Det er nødvendig å bruke pengar og tid på vekst og få fleire til å flytte hit. Auka folketal betyr meir pengar til å drive kommunen for, seier Gjerde.

26 år gammal varaordførar

Den nye varaordføraren, Joakim Systaddal, er 26 år og har erfaring frå IT-bransjen.

Han er nestleiar i Hyllestad næringsråd og er medlem i styret for omstillingsarbeidet, som kommunen gjennomfører i samarbeid med fylkeskommunen og Innovasjon Norge.

Hadde nøkkelrolle

Med fire representantar hadde Samlingslista ei nøkkelrolle i høve til ordførar-val og posisjonar, og kunne velje å samarbeide med Senterpartiet eller Arbeidarpartiet.

- Vidare satsing på omstilling var ein av føresetnadene for å velje Arbeidarpartiet, seier Systaddal.

Fire lister stilte til val i Hyllestad; Ap (5 representantar), Sp (5), Samlingslista (4) og Høgre (3).

Artikkeltags