-Det er først og fremst hardt arbeid som ligg bak. Vi er tilgjengelege 24 timar i døgnet 365 dagar i året, seier dagleg leiar Trygve Skodvin i Sosialkompetanse AS.

Brukar sju familiar

Dei har knytt til seg sju familiar som står klare til å ta imot ungdommar ved akutt behov. Nokre familiar tek også imot born og unge på langtidstiltak. I tillegg driv Sosialkompetanse utgreiingsarbeid i barnevernssaker for kommunar i fylket, og dei gjer utgreiingsarbeid for rettssystemet mellom anna i barnefordelingssaker.

Rask vekst og stor forteneste

Skodvin og Egeland eig 50 prosent kvar av selskapet Sosialkompetanse AS.

Frå ei omsetning på beskjedne 227000 kroner i 1998, har selskapet vakse svært fort dei siste åra. I 2003 selde dei barneverntenester for 10,2 millionar kroner i Sogn og Fjordane og oppnådde eit driftsresultat på nesten 4,2 millionar. Året før var inntektene 7,5 millionar, men driftsmarginen enda høgare -nesten 50 prosent (sjå nøkkeltal).

Høg skatt og pene utbyte

Driftsresultatet er imponerande i høve til dei fleste andre bransjar. Sjølv energiverk som har skodd seg på høge straumprisar dei siste åra, når ikkje opp i slike marginar.

Det høyrer også med til suksesshistoria at Skodvin og Egeland yter mykje tilbake til det offentlege. I fjor betalte dei 2,2 millionar i skatt av overskotet, og året før 1,9 millionar. Likevel har eigarane hatt høve til å ta ut pene utbyte dei siste fire åra, i tillegg til løn for arbeidet.

Hardt arbeid og fagleg dugleik

Dagleg leiar Trygve Skodvin ønskjer ikkje så mykje blest om verksemda. Han viser til at folk flest neppe vil ha same forståing for at nokon tener gode pengar på barnevern, som på produksjon av aluminium.

-Det ligg mykje arbeid og fagleg kompetanse bak resultatet. Dessutan har både Thor Aage og eg putta vår eiga yrkesutøving inn i selskapet, seier Skodvin.

Dei er tre tilsette i selskapet. Ein av dei er tilgjengeleg på mobiltelefonen heile døgnet, for å vere klar når barnevernet ringjer.

Barne-, ungdoms- og familieetaten, tidlegare fylkesbarnevernet, er den største kunden. Dei gir Sosialkompetanse godt skotsmål.

NØKKELTAL FOR SOSIALKOMPETANSE AS

(Post) 2003 2002

Driftsinntekter 10226 7495

Driftsresultat 4177 3518

Resultat før skatt 4257 3710

Alle tal i tusen kroner. Kjelde: Ravn føretaksinformasjon