- Gje meg tydelege nynorskmotstandarar

Av
Artikkelen er over 12 år gammel

- Eg ønskjer meg tydelege motstandarar av nynorsken. Då tenkjer eg ikkje på at Riksmålsforbundet skal kvikna til att frå sottesenga, seier Steinulf Tungesvik, nyvald leiar i Noregs Mållag.

DEL

– I Mållaget opplever vi massiv motstand på mange felt. Men motstanden er ofte forkledd med økonomiske argument. Eg ønskjer at dei kreftene som reelt motarbeidar nynorsken kjem på banen med språkpolitiske argument. Då trur eg at dei vil få store problem med å oppretthalda standpunkta sine, seier Tungesvik.

Steinulf Tungesvik (39) kjem frå Skånevik i Sunnhordland. I fjor flytta han frå Oslo etter å ha budd 19 år i hovudstaden, og slo seg ned som forretningsadvokat i Bergen. Den ivrige skiløparen og friidrettsmannen er no klar til kamp.

Betalt for å krangla

– Som advokat er eg betalt for å krangla for folk. Det er eg glad i, seier han.

Som leiar i Mållaget vil Tungesvik først og fremst kjempa for større rom for nynorsken.

– Noregs Mållag er og skal vera både ein politisk organisasjon og ein interesseorganisasjon. Som interesseorganisasjon skal vi kjempa for at rettane til nynorskbrukarane ikkje blir trampa på. På dette feltet er vi komne langt når det gjeld rettar som er regulerte ved lov.

Mediemålet

– Det viktigaste no er å kjempa målpolitisk for å få større rom for nynorsken på alle område som ikkje let seg regulere ved hjelp av lover. Det gjeld til dømes nynorskbruk i massemedia.

– Særleg gjeld det dei avisene som yndar å kalla seg riksaviser. Dagbladet og VG er dei største avisene i mange distrikt. Samstundes har dei i praksis nynorskforbod ved at dei ikkje tillet journalistane sine å skriva nynorsk. Det er ein uhaldbar situasjon, og den minner litt om motstanden mot kvinnelege prestar. Ikkje minst Dagbladet burde halda seg for god til det, seier Tungesvik.

Skulemålet

– Kampen for nynorsk i media er ei hovudsak når det gjeld å skapa større rom for nynorsken. Men skulemålet er også viktig. For meg verkar det som det er ei mindreverdskjensle ute og går her. I distrikta rundt Bergen ser du det tydeleg. Når folk frå bydelane i Bergen flyttar til Sotra, set dei raskt fram krav om at skulemålet må endrast frå nynorsk til bokmål. Det er distrikta rundt Bergen som har det høgaste talet på folkerøystingar om skulemålet. For oss i Mållaget er det viktig å synleggjera at nynorsk er et fullt ut praktisk bruksspråk på alle samfunnsområde.

– I skulen må vi også kjempa ein kamp for at reglane om parallellklassar vert fylgde. Når det er 10 elevar på eit klassetrinn er det høve til å oppretta eigne klassar for bokmål og nynorsk. Men mange skular tuklar med dette og slår heller saman klassar. Mållaget har for tida i gang ein rettsprosess mot Sandnes kommune om dette.

Jubileumskø

I tre år frametter står jubilea i kø for Mållaget. I år er det hundreåret for unionsoppløysinga med Sverige som skal feirast.

– Målsaka var ein del av folkerørsla som bar fram unionsoppløysinga i 1905. Mållaget vart stifta i 1906 av krefter i den same rørsla. Neste år skal vi slå på stortromma når vi feirar dette. Og i 2007 skal vi feira 100-årsjubileum for innføringa av sidemålsstilen.

Steinulf Tungesvik har i mange år vore aktiv i målsaka både i Norsk Målungdom og Noregs Mållag. Han var politisk rådgjevar og seinare statssekretær for Senterpartiets sosialminister i ei sentrumsregjering.

Medan han var politisk rådgjevar i Sosialdepartementet let han seg engasjere som jurymedlem i ein konkurranse om beste juleølet. Det var delte reaksjonar på dette.

– Sjølv synest eg det var heilt uproblematisk så lenge det skjedde innanfor alkohollova sine rammer, seier Tungesvik.

Han er framleis aktiv i Nei til EU, og har tidlegare tatt til orde for at Noreg skal trekkje seg frå EØS-avtalen.

Som påtroppande mållagsleiar har han studert partiprogramma og synest dei raudgrøne har den beste politikken når det gjeld sidemålet i skulen.

– Sett frå målsaka si side synest eg at Valgerd Svarstad Haugland har vore ein dugande kulturminister, seier Steinulf Tungesvik

Artikkeltags