Gir opp å kjempe for Sandalsfossen-utbygging

Artikkelen er over 8 år gammel

Fylkesrådmannen vil bøye seg for NVEs nei.

DEL

Fylkesrådmann Jan Øhlckers meiner fylkespolitikarane ikkje bør klage avslaget på utbyggingssøknaden for Sandalsfossen kraftverk i Gloppen inn for Olje- og energidepartementet.

Dei siste åra har fylkeskommunen hatt som praksis å ikkje sende klage, når NVE tek andre avgjerder enn fylkeskommunen tilrår. Fylkesrådmannen vil halde seg til denne praksisen.

Naturomsyna

Den omstridde utbygginga i Gloppen ville gitt rundt 21 GWh ny kraftproduksjon, og ført til verdskaping for grunneigarane.

Naturinngrepa kjem likevel til å bli for store, konkluderer NVE i avslaget. Her blir det lagt vekt på at utbygginga ville råke Sandalsfossen, som har eit tilnærma loddrett fall på mellom 100 og 140 meter, og som er ein av Nordfjords flottaste fossar.

Store inngrep

– Fossen er etter NVEs syn viktig for friluftsliv og reiseliv. Den er lokalisert i til dels urørt natur i nærleiken av Jostedalsbreen nasjonalpark, og er eit svært viktig landskapselement. NVE meiner at ei utnytting av Sandalselva med Sandalsfossen til kraftproduksjon vil gi svært store landskapsmessige inngrep i eit område som er viktig for friluftsliv og reiseliv, heiter det i avslaget.

Fylkesutvalet tek stilling til fylkesrådmannen si tilråding 7. desember.

Artikkeltags