Gå til sidens hovedinnhold

Gir ikkje opp kampen

Artikkelen er over 10 år gammel

- Tøft å svelgje, men vi sjukehusaksjonistar er ikkje kjent for å gi oss, seier Bente Øien Hauge

Sjukehusaksjonist Bente Øien Hauge er skuffa over avgjerda om å reduserer fødetilbodet i Lærdal og kutte fødetilbodet i Nordfjordeid.

Modell for nedbygging

– Eg er sjølvsagt lei og skuffa og eg synest det er veldig vanskeleg å svelgje dette, seier Øien Hauge til firda.no

Sjølv om det blir løyvd 75 millionar over tre år i eit eige sjukehusprosjekt i Nordfjord der ein vil mellom anna setje i drift rusposten, fryktar Øien Hauge at dette blir ein modell for nedbygging av sjukehuset i Lærdal og andre stader på sikt.

- Må passe på

– No er slaget tapt?

– Vi har ikkje for vane å gi oss vi sjukehusaksjonistar. Men vi må innsjå at i høve det politiske har avgjerda landa, regjeringa har tatt avgjerda og det kan vi ikkje slåst mot. Men oppgåva vår framover no blir å passe nøye på korleis dette blir utført i praksis av Helse Førde. Her må vi passe på, seier Øien Hauge.

- Held ikkje mål

Ho meiner regjeringa sitt premiss om det faglege som bakgrunn for å kutte i fødetilboda, ikkje held mål.

– Dette kritiserer vi sterkt. Det har ikkje vore belegg for den skepsisen som har vore mot dei små fødeeiningane, seier Øien Hauge og viser til tidlegare saker som ho meiner feilaktig set dei små fødeeiningane i eit dårleg lys.

Utfordrande å rekruttere lokalt

Den forsterke fødestova i Lærdal mister gynekologberedskapen, men om ein klarer å rekruttere jordmødrer lokalt får Lærdal halde fram som fødestove.

– Eg trur det blir utfordrande å rekruttere lokalt, men det er utruleg viktig at vi greier det for å hundre transportfødslar. Det verste som kan skje er at vi mister alt av fødetilbod, seier Bente Øien Hauge tl firda.no