Geir vakna til smadra bil

Slik fann Geir Bareksten bilen sin torsdag morgon. - Bilføraren har i alle høve ikkje helde fartsgrensa på 50 km/t, seier han.

Slik fann Geir Bareksten bilen sin torsdag morgon. - Bilføraren har i alle høve ikkje helde fartsgrensa på 50 km/t, seier han. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Men med Facebookhjelp fann han sjølv den skuldige.

DEL

Geir Bareksten fekk seg ei overrasking då han torsdag morgon skulle setje seg i bilen for å køyre til jobb.

– Eg fann bilen smadra, og eg spekulerte veldig på kva som hadde skjedd medan eg sov, seier Bareksten til Firda.

20 meter bremsespor

Bilen som tilhøyrer Sunnfjord Bil AS, stod parkert heilt inntil husveggen der Bareksten bur på Vassenden i Jølster.

– Bilføraren som i natt smadra bilen eg hadde med meg heim frå jobb, har i alle høve ikkje helde fartsgrensa på 50 km/t. Eg bannar på at det er 20 meter bremsespor fram til der han traff bilen min, og i tillegg er det fleire meter «bremsespor» etter min bil òg sidan den stod med handbrekket på.

Kom frå nord

Bilen kom frå nord og var på veg i retning Førde. Før han knurva bilen til Bareksten har han kryssa motsett køyrebane, og vidare inn på Barekstens private parkeringsplass, like ved E39.

Etter den ville ferda med derpå følgjande bråstopp, har bilføraren funne reversen, rygga, for deretter å vrenge inn på E39 der han har halde fram sørover.

Blå Opel Vectra B-modell

På Barekstens parkeringsplass låg det att både bildelar, glasbrot og olje etter den kraftige samanstøyten. Bareksten som har jobba med bilar i 30 år, mellom anna hjå biloppsamlaren i Førde, såg straks det var ein blå Opel Vectra B-modell som hadde vore på vitjing.

Bareksten skreiv om hendinga på Facebook, og ut på dagen torsdag kom det tips om at det stod ein blå Opel med kollisjonsskadar på Bruland i Førde.

Fann bilen

Dette stadfestar Agnar Bøyum ved Jølster lensmannskontor.

– Vi har funne bilen ved Sandbrekka i Førde, men føraren av bilen har ikkje gjort seg til kjenne, seier Bøyum.

Han fortel at politiet kjenner til kven som er eigar av bilen. Eigaren er derimot forsvunne frå staden.

– Vi ønskjer difor tips, dersom nokon har sett noko, seier Bøyum.

Politiet kan tipsast på 02800, eller ved å kontakte Jølster lensmannskontor.

Artikkeltags