Gatenettet i Førde hindrar effektiv bybuss

Artikkelen er over 14 år gammel

* Fleire avgangar for bybussen. * Betre forhold på busshaldeplassane. * Parkeringsavgift. * Redusert parkering på gatenivå.

DEL

Dette er sentrale element når planutvalet i Førde i dag drøftar byutviklinga som opptakt til å revidere kommunedelplanen for sentrum. Eitt problem er at gatenettet i bustadstroka ikkje er bygt for effektiv busstransport.

Vegane i bustadfelta, t.d. i Slåttebakkane, endar nesten i regelen blindt. Her er ikkje planlagt eller bygt for at bussen skal kunne køyre i rundsløyfer og ta med passasjerar frå fleire gater på same turen. Bussen må i staden køyre fram og tilbake same strekninga, og ruta stoggar lenge før enden på gata.

Mange som kunne ha valt bussen, får difor så lang gangtid til busshaldeplassen at dei lett vel bilen i staden.

Rundsløyfer

Direktør Bjørn Nordberg i Firda Billag vil gjerne køyre buss, men han påpeikar også hindringar mot å gjere bubussen så effektiv som dei ivrigaste ser for seg.

Gater som endar ved garasjeporten ved huset i enden av gata, er eitt problem.

– Det let seg lite gjere med no, men eg vonar kommunen tek med slike forhold når nye felt skal planleggjast og byggjast ut, seier Nordberg.

Rute til Reset

Arbeidsruter for folk som skal til bedriftene på Reset kunne også vore mogleg om vegnettet var lagt til rette for det, dermed ville også ein større del av Slåttebakkane fått betre tilgang til bybussen.

Nordberg ønskjer seg også at gangvegen frå svingen i Halbrendslia mot Skjæret og Hogane var bygt slik at den kunne fungere som kollektivfelt. Dermed kunne bussen tene ein større del av dette bustadområdet.

Einvegskøyring

Eitt forhold Nordberg gjerne vil ha endra på raskt, er å innføre einvegskøyring i ein del av Slåttebakkane, frå krysset med Brendeholten til vegkrysset ved Slåttebakkane 66:

– Einvegskøyring her i retning frå Brendeholten vil lette trafikken monaleg. Her blir bussen ofte hindra av møtande trafikk.

Snusløyfa i Slåttebakkane, om lag der Abrahamshjellen tek av frå Brendeholten, er eit smertekapittel for seg. Der er ikkje laga til påstigingsplatting, så av- og påstigande passasjerar har låke forhold. Dei kan dermed heller ikkje nytte seg fullgodt av at bussen har lågt parti ved inngangen, med tanke på barnevogner og rullestolar.

Hundvebakkgjelet

Bussruta til Hornnes kunne også gjort betre teneste dersom Hundvebakkgjelet vart opna som kollektivfelt, meiner Nordberg. I dag er denne gamle vegen stengd for gjennomkøyring.

– Visst er her smalt, og noko lyt nok gjerast, men her køyrde vi med det materiellet som måtte fram den gongen dette var vegen til Florø, seier Nordberg.

Ved å kunne køyre Hundvebakkgjelet tilbake til sentrum, ville bybussen også bli eit tilbod til folk i Korsavegen og Hornnesvegen inn mot kyrkja og forbi Helsetunet mot sentrum.

Ruta ville også kunne leggjast langs Kyrkjevegen over Prestebøen, legg Nordberg til.

Fleire «blindtarmar»

I Eplehagen finn Nordberg ein annan «blindtarm» som må vere til frustrasjon for ein som skal planleggje effektive ruter for bybussen.

Ein vegarm frå Angedalsvegen endar blindt i lyngtuene. Vegstubben fungerer framifrå som parkeringsplass for bubilen som står der, men Nordberg hadde sett for seg at vegen burde vore bygd bak busetnaden så bussen kunne gjere ei sløyfe og ta med seg endå fleire passasjerar.

– Når no Falkenstein og andre nye felt skal byggjast ut, må transportsystemet planleggjast betre med tanke på eit effektivt kollektivsystem, påpeikar han.

Avgløymde bustadfelt

Nordberg ville gjerne hatt vegen til Vieåsen ført vidare ned bak nordsida av åsen så bussen kunne køyre rundt.

Han ser også litt oppgitt på bustadfelt som ikkje let seg trafikkere av bussen på grunn av vegsystemet. Det gjeld austre del av Vieåsen der m.a. Kvamane, Kåsen, Rennekleiva ligg, og det gjeld Halbrend og Flatene.

– Halbrend og Flatene ligg så nær sentrum at mange kanskje ikkje tenkjer på at buss skulle vere nødvendig tilbod her, men det er ikkje rett dersom bussen skal bli godt alternativ til privatbilen. Og i alle fall må vi køyre skuleruter her, og dei kunne vore meir effektivt avvikla om vegnettet var lagt til rette.

Artikkeltags