Den 24 år gamle Garolin Vinotha Nesaraja og den 20 månader gamle sonen hennar døydde av skadene dei pådrog seg i brannen i Mølletunet i Førde førre måndag.

Mellom dei 80 som følgde kvinna til sin siste kvilestad frå Førde kyrkje fredag ettermiddag, var bror hennar frå heimlandet Sri Lanka.

Gravferdsgudstenesta vart halden av sokneprest Kåre Knutsen Bratten.

Tragedie etter tragedie

Garolin kom til Norge i 2006 frå Sri Lanka. Ho var då på flukt frå tilvêret som barnesoldat i eit krigsråka heimland. I Norge gjekk det over fem år før ho fekk endeleg avslag på asylsøknaden sin.

Berre ei veke før avslaget kom i midten av desember, vart Garolin si syster funnen drepen i heimen sin på Sri Lanka. Systera stod Garolin svært nært, og 24-åringen mista all livsgnist.

Måndag 16. januar meiner politiet ho sjølv starta brannen som tok livet av ho sjølv og det vesle bornet.

– Livet hennar vart noko heilt anna enn det ho ynskte seg. Før jul ebba livsgleda ut. Til slutt klarde ho ikkje meir, sa ho i talen sin, sa advokat Kristine Aarre Hånes i kyrkja.

Det vesle bornet vart gravlagd etter muslimsk skikk førre fredag.