– Utviklinga i Norge må ikkje bli styrt av ei begrensa gruppe menneske og institusjonar som berre kjenner til ein liten del av landet vårt. Vi må ta heile landet i bruk, seier Navarsete til Avisenes Nyhetsbyrå (ANB).

– Vi treng eit ordskifte om balansert utvikling og nasjonal verdiskaping, seier kommunal- og regionalministeren.

Ynskjer motmakt

I fjor vår la Navarsete opp til det ho kalla motmakt mot Oslo-dominansen. Måndag gjekk ministeren vidare i same leia då ho presenterte ei artikkelsamling med tittelen «Motmakt og regional uvikling», og her er Norman ein av i alt 13 bidragsytarar.

– Vi må få inn erfaring frå heile landet som motmakt til forskarar i Oslo, byråkrati i hovudstaden og det indre liv i Oslo sine mediehus, seier Navarsete.

– Er dette ei vedkjenning av at den førre kampanjen din sklei ut og fekk preg av konflikt mellom Oslo og resten av landet?

– Det var ikkje mi forteneste at den førre debatten sklei ut. Det var ikkje snakk om å setje Oslo opp mot resten av landet, seier Navarsete.

Distrikts-Norge ikkje berre for «Norge Rundt»

– Eg irriterar meg over at Nord-Norge og andre delar av Distrikts-Norge vert oppfatta som klientar som treng økonomiske overførslar. Sanninga er jo at det er distrikta som sit på verdiane. Då blir det galt når Distrikts-Norge ofte vert redusert til ein «Norge Rundt»-variant med hyggelege og ufarlege innslag. Victor Norman seier det treffande når han poengterar at dersom distrikta tar makta og står samla, så vil ein lukkast, seier ministeren.

– Djupast sett handlar det om å utvikle både storbyar, regionsentra og bygdene. Vi må diskutere korleis vi skal påverke underliggjande strukturar og drivkrefter, seier Navarsete.

Ministeren legg til at ho vil bruke innspela som kjem i arbeidet med ei ny stortingsmelding om distrikts- og regionalpolitikken.

Victor Norman: - Oslo taper

Victor D. Norman sto som minister i Bondevik II-regjeringa for ein omstridd utflytting frå Oslo av statlege direktorat. Han skriv i sin artikkel at dei samfunnsøkonomiske kostnadane ved ei ubalansert regional utvikling lett kan bli store.

«Marerittet er ei utvikling der hovedtyngda av kompetansen og kompetansearbeidsplassane vert samla i Oslofjordområdet, med proletarisering og ein høg del yrkespassive i resten av landet. Det er ikkje berre resten av landet som vil tape på det. Skattebelastninga ved å finansiere ein stor del yrkespassive vil bli så høg at óg Oslofjordområdet vil kome dårlegare ut i eit slikt scenario», skriv Norman og slår eit slag for folkeopplysning. (ANB)