Går mot storimport av svineribbe

I år kan det gå mot stor ribbeimport grunna mangel på norsk ribbe.

I år kan det gå mot stor ribbeimport grunna mangel på norsk ribbe. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Men kan ikkje garantere at svinekjøtet er fri for smitte

DEL

For lite norsk svineribbe kan føre til storimport av juleribbe i år. Så langt kan det tyde på at kvar femte ribbe må hentast inn frå utlandet, melder Nationen

Utbreidd smitte i mange land

I tillegg til at importbehovet aukar, ser ein at den frykta MRSA-bakterien som har teke fire menneskeliv i Danmark, er utbreidd i dei fleste EU- land. Her i Norge har ein så langt greidd å halde smitten under kontroll.

Men i utlandet aukar talet på svin med MRSA, seier seniorforskar Yvinne Agersø på DTU Fødevareinstituttet til TV-kanalen Danske TV Syd.

Kanalen kunne sist veke fortelje at 21 prosent av svinekjøttet i danske butikkar inneheld den frykta svine-MRSA-bakterien,

Kan ikkje kontrollere importert kjøt

Norske styresmakter har trass dette ikkje høve til å kontrollere om det importerte svinekjøtet er smittefritt.

– Vi har ikkje grunnlag for å be om garantiar eller dokumentasjon per i dag. Det er dermed ingenting som hindrar at det følger MRSA med importert svineribbe. Gjennom EØS-avtalen er vi ein del av EU-marknaden. Det avgrensar handlingsrommet vårt, seier assisterande tilsynsdirektør Ole Fjetland til Nationen.

Liten fare

Men sjølv om du kan ende opp med å ete smitta importribbe, er det ifølgje Mattilsynet liten fare for å bli smitta.

– Vi vurderer risikoen for å bli smitta som svært liten så lenge hygieneråda blir følgt. Det er viktig å ha god hygiene på kjøkkenet ved handtering av rått kjøtt, seier Fjetland til avisa.

Artikkeltags