Fylkets første kunstisbane

Til helga er fylkets første kunstisbane klar - i Loen ved Hotel Alexandra.

Til helga er fylkets første kunstisbane klar - i Loen ved Hotel Alexandra. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

- Kombinert med servering av mat og drikke, trur vi dette skal bli eit populært tilbod i tida som kjem, seier hotelldirektør.

DEL

Til helga står fylkets første kunstisbane klar, i Loen.

– Vi må utvide tilbodet til gjestane, seier Richard Grov ved Hotel Alexandra.

På parkeringsplassen nede ved Loen Active sitt nybygg er det i desse dagar full bygningsaktivitet og fylkets første kunstisbane er i ferd med å ta form.

– I fjor bygde vi Via Ferrata Loen i fjellsida over hotellet. No håpar vi å kunne tilby gjestar ein tur på skøyteisen i helgene framover, seier Grov om investeringa på nærare éin million kroner.

– Planen er at det skal vere salsmesser her medan det er mogleg å gå på skøyter. Vi har sett at små isflater er populære, og trur det er mange som vil sette pris på dette. Og kombinert med servering av mat og drikke, trur vi dette skal bli eit populært tilbod i tida som kjem. Både for tilreisande og fastbuande, seier hotelldirektøren.

Førstkomande laurdag skal det vere opning av bana, og det skal også vere julegrantenning.

– Dessutan har vi invitert utstillarar med brukskunst og mat, og i helgene framover mot jul håpar vi å skape triveleg førjulsstemning her, seier Erik Brendefur i Loen Active.

Kunstisbana har ein storleik på 26 X 13 meter.

Artikkeltags