– Til saman finst det i alt 118 personar i fylket som speler symfoniske instrument. Det vil vere nok til å setje saman eit eige symfoniorkester med eit godt repertoar, noko som vil vere eit stort løft for musikklivet i fylket, seier Arvid Anthun, distriktsmusikar frå Førde.
Anthun er ein primus motor i arbeidet for å få til eit slikt orkester. I går vart ideen diskutert på årsmøtet til Norsk kulturråd i Sogn og Fjordane. Det var brei semje om at dette var noko styret, med nyvalde Johan Bengtsson i spissen, skal jobbe for i tida framover.
Mange profesjonelle
Gjennom kultur- og musikkskulane har Sogn og Fjordane fått forholdsvis mange profesjonelle musikarar rundt om i kommunane. Desse vil bli hovuddrivkrafta i eit eventuelt fylkesorkester. Men også dyktige amatørar og kulturskuleelevar vil ha høve til å vere med.
– På denne måten vil vi skape eit inspirerande miljø for profesjonelle og spirande musikarar i fylket. Det vil gjere det langt meir attraktiv å vere musikar og pedagog i fylket, og vonleg stanse gjennomtrekken i desse stillingane, seier Anthun.
– Publikum vil få tilgang på eigenproduserte, klassiske konsertar. Det vil gjere denne typen musikk langt meir tilgjengeleg for folk her.
Spleiselag
Møre og Romsdal har allereie sitt eige fylkesorkester, og tanken er å følgje deira modell. Fylkesorkesteret er tenkt finansiert av kommunane, musikkskulerådet og fylkeskommunen.
– Det er ein svært spennande idé, som det er naturleg for fylkeskommunen å støtte. Til dømes kan det bli aktuelt å finansiere ein profesjonell dirigent. Med faste besøk frå Bergen filharmoniske orkester i tillegg, begynner det verkeleg å svinge her, meiner fylkeskulturdirektør Lidvin Osland.