Første øvinga til det nyskipa orkesteret blir til helga i Leikanger.

-Vi har gjennom det siste året jobba med å setje saman eit orkester, og interessa har vore stor blant musikarar i fylket. No har vi samla eit perfekt balansert symfoniorkester, med alle instrumenta vi treng til å framføre klassiske symfoniske verk, seier Johan Bengtsson, ein av initiativtakarane, til Firda.

Orkesteret er sett saman av profesjonelle musikarar, amatørmusikarar og musikkelevar frå heile fylket, til saman 57 personar. Den første konserten vil dei halde i mars i Leikanger, og på programmet står verk av Brahms, Mozart og Cesar Franck. Solistane blir cellisten Inga Byrkjeland Grytås frå Førde og fløytisten Dora David frå Høyanger.

Bengtsson, som er fylkesleiar i Norsk kulturskuleråd og rektor for kulturskulen i Førde, trur at orkesteret kan bli svært viktig for rekrutteringa av orkestermusikarar i fylket.

-Det er eit veldig bra høve for lokale musikarar å skaffe seg orkesterrutine. Især kan det ha stor betydning for unge musikarar. I tillegg håpar vi dette vil auke interessa for klassisk musikk i fylket, meiner Bengtsson.

Ingen får betalt for å vere med i fylkesorkesteret, men musikarane får dekt utgifter til reise og kost. Kulturetaten ved fylkeskommunen og Norsk kulturskuleråd støttar prosjektet.

Dirigent for orkesteret blir Helge Haukås frå Bergen. I år blir det berre ein konsert, men Bengtsson håpar at det neste år blir høve til fleire konsertar rundt om i fylket.