Fv 609 stengt av ras

 Vegen er sperra av tre, stein og jordmassar.

Vegen er sperra av tre, stein og jordmassar. Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

Stein, jord og tre over heile vegen

DEL

Eit relativt stort ras dekkjer fylkesvegen, som er einaste samband mellom Askvoll og Førde.

Raset har gått ein gong mellom klokka ti og halv elleve onsdag kveld. Det stengjer vegen like ved Hundsåna, nokre få meter frå brua, på Førde-sida.

Eit stort tre har komme ned i vegbana, og dekkjer den totalt. Det har også komme ein del stein og jord ned i vegbana.

Opnar ikkje i natt

Vegen vert ifølgje Vegmeldingssentralen ikkje opna att før torsdag morgon.

– Ryddinga av vegen vil ta til så snart det lysnar av dag. Noko konkret tidspunkt for når vegen vert opna att har vi ikkje, men vi startar arbeidet så snart det lysnar, seier vakthavande ved Vegmeldingssentralen.

Inga omkøyring

Så seint på dagen er det inga moglegheit for omkøyring. Einaste vegen rundt er om Dale, og siste ferja frå Dale gjekk klokka åtte om kvelden. Derfor var det ikkje anna råd for dei som kom til raset enn å snu og gjere det beste ut av situasjonen.

Den timen firda.no var i området snudde eit 20-tals bilar og køyrde tilbake mot Førde eller Askvoll.

Artikkeltags