Veterinærinstituttet har påvist listeriabakteriar på norske brunsniglar. Bakteriane er farlege for både menneske og dyr.

Kan føre til abort

Det er første gang slike bakteriar er blitt oppdaga på brunsnigel i Norge, melder Bergens Tidende.

Bakterien heiter Listeria monocytogenes, og blei først funnen i Horten. Bakterien kan blant anna forårsake abortar hos dyr og menneske.

– Vi vet enno ikkje nivået. Bakteriane er farlege både for folk og for dyr, men det er snakk om kva for eit nivå det er. Spesielt utsett er gravide og folk med redusert immunforsvar, seier veterinær Stine Gismervik.

- Send inn sniglane dine

Veterinærinstituttet rår folk som plukkar store mengder brunsnigel til å bruke hanskar fram til dei veit meir om bakterien.

På grunn av utryggleik rundt utbreiinga, treng Veterinærinstituttet plukka, levande sniglar, slik at dei kan undersøkje mengda listeriabakteriar i sniglane.

Dei ønskjer difor at folk sender ein e-post med adressa si, slik at Veterinærinstituttet kan sende ein ferdig frankert boks som ein kan sende plukka brunsniglar tilbake til instituttet i. (ANB-NTB)