Full splid rundt nytt Følling-verv

KVINNE MED MAKT: Fylkesvaraordfører Jenny Følling (Sp) vart onsdag vald til ny fylkesleiar i KS.

KVINNE MED MAKT: Fylkesvaraordfører Jenny Følling (Sp) vart onsdag vald til ny fylkesleiar i KS. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Opposisjonen raste over maktmisbruk og Ap-mann ville gjerne halde fram som KS-leiar sjølv.

DEL

Fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp) vart i går ny fylkesleiar i KS (tidlegare Kommunenes Sentralforbund) – mot ei røyst. Men slaget vann ho først etter dragkamp og strid i kulissane.

Krakhellen: - Uryddig

– Det er uryddig at fylkesvaraordføraren også er leiar i KS, sa Solund-ordførar Ole Gunnar Krakhellen (H) – som samstundes konstaterte at Ap og Sp hadde lagt ei fleirtalssemje det ikkje var mogleg for opposisjonen å gjere noko med.

Twitter-Djuvik opprørt

Heller ikkje fylkesleiar Frank Willy Djuvik i Framstegspartiet var spesielt begeistra over leiarvalet, og gav uttrykk for sine synspunkt gjennom sin profil på nettsamfunnet Twitter:

« - Ap har solgt verv til Sp i kommunane sitt organ, KS, i den FYLKESKOMMUNALE konstitueringa i Sogn og Fjordane #arroganse»

« - KS i Sogn og Fjordane skal ikkje lenger leiast av kommunane, men av fylkesvaraordføraren frå Sp #arroganse»

Også intern uro

Samstundes som opposisjonspartia irriterte seg over raudgrøn maktbruk, fekk nokre av dei tilstadeverande òg ei kjensle av at sitjande KS-fylkesleiar Olav Lunden (Ap) kanskje prøvde å posisjonere seg for å halde fram.

Lunden foreslo i starten av fylkesmøtet at talet på medlemer i valnemnda skulle utvidast for å sleppe til småpartia – noko som vart nedstemt.

Deretter foreslo han at Høgre skulle ha leiaren i valnemnda. Dette fekk Ap-fylkesleiar Nils P. Støyva til å entre talarstolen og signalisere at partifellens framlegg ikkje kom på tale.

Helle banka gjennom Følling

Dermed vart Fjaler-ordførar og Ap-mann Arve Helle utnemnd til valnemdleiar

Han presiserte under sjølve valet at diskusjonane hadde gått på ei usemje om leiaren burde representere ein primærkommune eller fylkeskommune – og at Ap/Sp avgjorde dette med avtalen seg imellom.

Artikkeltags