Silketruser og dongeribukser blir låste inne i vaskemaskinane, legejournalar går tapt, folk kjem for seint på arbeid og paraboltunerar har fått sjokkskader. Det er ikkje måte på kva for problem som oppstår på grunn av dei mystiske korte straumbrota som råkar store deler av Sunnfjord. Og det medan himmelen er lyseblå og lauvet heng urørleg på bjørkegreinene. Faktisk er det verst midt på sommaren.

Oppstår stadig nye plassar
– Det var ille i Flekke i fjor sommar. I år er det verre og det ser ut til at problema har spreidd seg til store deler av forsyningsområdet vårt, seier Sandsund. I Naustdal, på Jølster, i Ytre Fjaler og på Sørbøvåg. Alle stader går datastyrde dubedittar og dingsar i heim og på arbeidsplass i stå. Og folk sender sin frustrasjon til Sunnfjord Energi. Straumbrot ned i ein tidels sekund er ikkje noko spøk i vår elektroniske tid. I alle fall ikkje når dei oppstår fleire gonger for dagen.

Ille for kundane
– Nei dette er ille for oss, og enda verre for kundane våre, seier Sandsund.

– Fuglane må vite kva, det er, legg han til og meiner det bokstaveleg.

For fuglar utan innsyn i farane med opne straumførande strenger kombinert med overivrige datastyrde jordfeilbrytarar er ei skummel blanding.

– Vi har jo sikra oss mykje betre mot jordfeil, seier Sandsund. I gamle dagar kunne farlege straumførande liner liggje på bakken i dagevis utan at straumen vart kopla ut. Vi måtte finne feilen og slå straumen av manuelt.

Slik er det ikkje lenger. No sit ein liten datamaskin med fingeren på brytaren og kjenner etter om det er jordfeil. Er det, kuttar han tvert.
Flotte greier, og langt sikrare enn det gamle både for folk og dyr.

På vaklande vengjer
Heilt til sommaren kjem og nyklekte fjørballar på vaklande vengjer søkjer kvile på freistande streng.

– Dersom ein fugl slår borti strengen og noko som går til jord samstundes, blir det oppfatta som jordfeil og straumen blir kopla ut. Men feilen blir jo som oftast borte att eit augneblink etterpå. Dermed blir den kopla inn att. Ofte er straumbrotet heilt ned i eit tidels sekund. Men det er nok for all elektronikken som blir brukt i dag.

Må finne løysingar
Sandsund seier at dei i Sunnfjord Energi er nøydde til å leite etter løysingar på problemet.

– Men det er ikkje heilt enkelt å kome fram til noko. Så lenge vi har opne straumførande liner ute i naturen, kjem vi i konflikt med fuglelivet. Det har vi alltid gjort, men all den elektronikken både vi og kundane våre bruker til å styre kvardagen med gjer at vi no er langt meir utsette enn før.

Mest utsette er sjølvsagt fuglane. Dei får sjeldan høve til å gjere seg nytte av den røynsla dei får ved å lede straumen til jord. Men slik har det vore i generasjonar. Det nye er at no blir det eit problem også for oss menneske.